Dette seier verneombod Monica Matinda på helsestasjonen i Dalevegen. Medan folk flest ser fram til solrike sommardagar, gruar dei tilsette seg til å kome på jobb og arbeide i altfor varme kontor med dårleg luft.

Konsentrasjonsvanskar

Dei siste dagane har temperaturen inne på helsestasjonen vore på mellom 27 og 32,5 grader. Tilsette fortel om nedsett konsentrasjon, allergiske plager og at dei vert trøytte av inneklimaet.

– Vi treng høg konsentrasjon med det arbeidet vi skal gjere. Også brukarane våre reagerer og kommenterer lufta her. Enkelte dagar har vi vurdert å stengje heile helsestasjonen, seier Matinda.

Varmt

Utanfor konsultasjonsromma strålar det varme og lukt frå svart tjørepapp som nærast smeltar i solsteika. Viftene står på og det utdaterte ventilasjonsanlegget susar, men temperaturen går ikkje tilstrekkeleg ned.

Arbeidstilsynet har tidlegare vore kopla inn, og bedriftshelsetenesta har gjort undersøkingar som seier at forholda bør utbetrast.

Langvarig problem

Verneombodet kvir seg for å klage meir over situasjonen. Det har vore gjort så mange gongar før opp gjennom åra. Men lite har skjedd.

– Dette er på ein måte «gamalt nytt» for oss. Situasjonen har vore slik lenge, og det har ikkje skjedd noko. Samstundes les vi i avisa at politikarane løyver midlar til store og flotte bygg, medan dei kuttar til helsestasjonen, sukkar Matinda.

– Kan vere freistande å stenge

Verneombodet har fått opplyst at høg temperatur i seg sjølv ikkje er nok til å stenge, men at kvar enkelt tilsett sjølve vurderer om ein klarer å gå på jobb under slike forhold.

– Dei tilsette på helsestasjonen har høg arbeidsmoral og ynskjer ikkje å ta ut sjukmelding/eigenmelding i denne samanheng. Det vil slå tilbake på den enkelte og viser dermed ikkje den reelle problematikken for kva stand bygningen er i. Det viser heller ikkje at helsestasjonen dei siste 18–20 åra har påpeika lite eigna lokale og manglar overfor kommunen sine myndigheitspersonar, og elles skiftande politiske aktørar, seier Matinda.

– Tilsette gjer alt for å yte tenestene til alle brukarar av helsestasjonen, men med dei arbeidsforholda vi har no, er det svært utfordrande å utføre dei lovpålagde tenestene. Det er nettopp komen ein tilstandsrapport som skildrar store manglar ved bygget, langt utover det tilsette på helsestasjonen har vore klar over, fortel Matinda.

Alle medrekna, er det fjorten tilsette på helsestasjonen i Dalevegen 24.

Brukarane reagerer

Ein av brukarane av helsestasjonen som Møre-Nytt snakka med onsdag, fortalde at han reagerte då han skulle inn for å vaksinere seg.

– Det var ubehageleg å vere der på grunn av høg temperatur og tung luft. Eg var der som første pasient klokka 9. Då dei tilsette fortalde at temperaturen allereie klokka 8 var 27 grader, forstod eg at det berre ville verte varmare og varmare ut over dagen. Eg opplevde det rett og slett som ubehageleg å vere der. Dette er ein helsestasjon der mødrer med små born kjem. Å vere i eit lokale med så høg temperatur, må vere ei slitsam prøve for foreldre og born, seier mannen, som ønskjer å vere anonym.

– Eg forstår ikkje at dei tilsette orkar det. Dei må protestere og få det til øvste hald, men saka verkar å vere ein tung materie.