– Det har skjedd alt for hyppig den siste tida, ja. Det seier Frode Halse Digernes, som er seksjonsleiar for vakt og beredskap i politiet på Søre Sunnmøre.

– Det er nok vanskeleg å finne ein samanheng mellom dei ulike stengingane den siste tida, for alle har ulike årsaker, seier Digernes.

Seks gongar i juni

Berre i juni var Eiksundtunnelen stengd seks gongar, viser ein gjennomgang av nyheitsarkivet til Vikebladet Vestposten. Sist stenging var onsdag denne veka, etter at ein bil mista motorkrafta og måtte bergast ut. Også natt til laurdag var tunnelen stengd, då på grunn av røykutvikling frå ein bil som burna.

Onsdag sist veke vart tunnelen stengd då ein bil køyrde inn i bilen framom. Og veka før måtte tunnelen stengast, etter at ein bil med to personar var involvert i ei ulukke 500 meter frå tunnelopninga på Eika. Sjåføren der er fråteken førarkortet.

– Vi har mistanke om at vedkomande ikkje var merksam nok, sa lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, sist veke.

– Sjekk drivstofftanken

Runar Larsen er seksjonsleiar for utekontroll i Statens vegvesen, Region Midt. Utekontrollseksjonen har ansvar for alle kontrollane i regi av vegvesenet.

– Eg har også registrert at det er ein del stengingar i Eiksundtunnelen, slik som i Ellingsøytunnelen i Ålesund. Eit generelt råd er at sjåførane sikrar at bilen har nok drivstoff før dei køyrer inn i tunnelar, seier Larsen.

Statens vegvesen har målt trafikken i Eiksundtunnelen sidan opninga i februar 2008. Tala viser at trafikken har auka jamt, frå 1500 bilar i døgnet i mars 2008 til toppnoteringa 3368 bilar i døgnet i juni i fjor.

Jojo-køyring

Frode Halse Digernes leiar politifolk som er stasjonerte i Ulstein/Hareid og i Ørsta/Volda, og han fortel at dei patruljerer gjennom Eiksundtunnelen rundt ti gongar kvar einaste dag.

– Det er mykje fin køyring, men det er viktig å vere ekstra merksame når ein køyrer der. Det skulle ein kanskje ikkje tru, sidan det stort sett er lang og strak veg i tunnelen. Men eg ser til dømes ein del såkalla jojo-køyring. Det kjem av at folk ikkje bremsar på giren nedover i tunnelen, og for ikkje å halde inne bremsa heile tida, så blir det litt «pumping». Dei bremsar ned til godt under 70 km/t, så trillar dei over 80, og så bremsar dei ned igjen. Og mange reduserer farta dei siste hundre meterane før fotoboksen, for å vere sikker på at dei ikkje har hatt for stor fart gjennom målesona, seier han.

Digernes har nokre råd til dei som skal gjennom Eiksundtunnelen:

– Hald god avstand til bilen framom, hald jamn fart gjennom heile tunnelen og sjekk lysinnstillinga på bilen din. Det er nemleg slik at det er ein del som køyrer utan baklys, spesielt gjeld det nye bilar. Og i tillegg: ver konsentrert, ikkje hald på med mobil eller andre ting, seier han.

ATK verkar igjen

For eit år sidan fortalde Vikebladet Vestposten at fotoboksane i tunnelen ikkje hadde fungert sidan tidleg i 2015, og at vegvesenet ikkje hadde varsla politiet.

– No fungerer fartsmålinga igjen, og vi har bede vegvesenet gje oss beskjed viss målinga skulle kome ut av drift igjen. Det er viktig at Eiksundsambandet er det det er meint å vere: ei trygg ferdselsåre. Konsekvensane av ei ulukke der kan bli veldig store, seier Digernes.