– Vi er akkurat no i startgropa for renovering/oppussing av det gamle legesenteret til heimebasert omsorg og helsestasjonen. Prosjektleiaren prøver å kartleggje korleis ein skal få plass til alle funksjonane, seier Aam, som frå før har førstehandskunnskap om tilstanden til bygget.

– Før eg vart ordførar, hadde eg i mange år driftsansvaret i andre etasje, så eg veit at ventilasjonsanlegget der er utslite. Det må anten renoverast eller oppgirast for å få inn meir luft, seier Aam.

– Det må skje noko ganske omgåande no. Eg har eit kommunestyrevedtak å halde meg til. Når legesenteret på Vallamarka er ferdig, skal ein byrje å renovere det gamle legesenteret. Det er sett av 5,8 millionar kroner til dette i år, og 2 millionar kroner på investeringsbudsjettet for neste år. Vi starta med planlegginga for eit par veker sidan. Eg kjem til å følgje dette tett opp, for denne saka kjenner eg veldig godt, seier Aam.

Inntil vidare, kan ordføraren ikkje gje anna trøyst enn at dei tilsette på helsestasjonen må halde ut ei stund til.

– Eg forstår at dette er vanskeleg, men det er lys i enden av tunnelen. Eg håper dei er tolmodige ei stund til. Det er vedteke at det skal pussast opp.