- Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stadar har kome nedbør, fortsett faren for brann då vegetasjonen tørka raskt opp i fint vêr, seier varabrannsjef Kurt Kristiansen i Ørsta brann og redning.

Ver aktsam!

So tørt som det er no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må syne aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsemdplikta inneber at ein tek forholdsreglar for å redusere moglegheita for brann og begrense skadane dersom brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er heilt sløkt.Bålforbodet I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet omtalast gjerne som "bålforbodet".

Det generelle forbodet gjeld berre i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med det meinast alle områder som ikkje er innmark.  Eksempel på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område. Men hugs at aktsomheitsplikta gjeld på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.Å gjere opp eld omfattar bruk av eingangsgrillar, bål- og peisinnretningar. Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ynskjer å tenne bål eller grille, må ein søkje om løyve frå kommunen.

Slik forholda er no, er det so tørt at løyve til å gjere opp eld, som å grille og tenne bål, i eller i nærleiken av skog og anna utmark stort sett ikkje vil bli gitt.

Sjølv om det er eit generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbart ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det openbart ikkje kan føre til brann. – Eg kan vanskeleg sjå for meg nokon områder der det no openbart ikkje kan føre til brann, seier Kurt Kristiansen. Ved brot på  aktsomheitsplikta eller det generelle forbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Grilling- Brannvesenet frårådar generelt all bruk av eingangsgrillar, i alle fall når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje sløkkjast og kjølast ned skikkelig, seier Kurt Kristiansen. Eingangsgrillar må aldri setjast rett på brennbart underlag.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne nyttast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarlig plassering og aktsam bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbod.

Husk at aktsomheitsplikta gjeld alle stadar, i parkar og hagar, på verandaer og terrasser eller under brennbare tak eller liknande overbygningar.

Ved brann eller ulukke ring 110.

Kort oppsummertKort oppsummert har vi eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark, med unntak av der det openbart ikkje kan medføre brann, medan i hagar, i parkar og annan innmark gjeld det ei alminneleg aktsomheitsplikt.