Ordførar Jørgen Amdam (Ap) tek ikkje attval som ordførarkandidat i Volda.

- Eg er fødd i 1945 og ein ordførarperiode er nok i min alder. Skulle eg stille på liste, vert det i så fall berre som listefyll, seier Jørgen Amdam til Møre-Nytt.

Nominasjonsnemnda for Volda Arbeidarparti får såleis eit nei frå Amdam viss dei spør han om å stille som toppkandidat til kommunestyrevalet neste år.

- Eg er nøgd så langt, vi har fått til mykje i Volda i min ordførarperiode og vi har mange gode tiltak på gang, seier Amdam.

- Korleis har du så langt opplevd ordførartida?

- Mykje spennande, men også skuffingar som at vi ikkje klarte å kome i mål med å slå saman Ørsta og Volda. Men prosessen med å få Hornindal inn i Nye Volda er positiv, og her handlar det om ein vinn-vinn-situasjon, opplever Volda-ordføraren.

Han trekkjer også fram prosjekta med m.a. nytt kulturhus og idrettshallar som positivt for Volda-samfunnet.

Jørgen Amdam er professor i samfunnsplanlegging og har vore tilsett på Høgskulen i Volda i kring førti år før han hamna på rådhuset og ordførarkontoret.

- Korleis har samfunnsplanleggjaren opplevd utviklinga av Volda?

- Det er interessant å sjå korleis teorien vert utført i det praktiske. Eg må berre nøgd konstatere at vi har dyktige planleggjarar i Volda. Dei har gjort alt etter læreboka. Så, ja. Eg er veldig nøgd, fortel 73-åringen.

- Kva er verst med å vere ordførar?

- At eg aldri har fri, humrar Volda-ordføraren frå feriehytta ved Vatnevatnet i Ørsta, eit steinkast frå heimen til Ørsta sin ordførar, Stein Aam.

Sistnemnde er framleis i tenkjeboksa kring attval som ordførarkandidat.