Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har tildelt 81,4 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket. Den største enkeltløyvinga i spelemidlar går til Ørsta kommune og den nye Ørstahallen. Kommunen har fått eit godkjend søknadsbeløp på 28,6 millionar kroner i spelemidlar, og søknaden er imøtekomen med eit tilskot på 7,2 millionar kroner. Det godkjende søknadsbeløpet er delt opp med utgangspunktet i at utbetaling kan skje over fire år. Fylkeskommunen opplyser at dette er gjort etter avtale med Kulturdepartementet.

Ørstahallen er ikkje det einaste prosjektet som har fått løyvd spelemidlar i denne omgangen. Ved Vikemarka skule er det søkt om tilskot til ein klatrejungel, og søknaden er imøtekomen med eit tilskot på 300.000 kroner. Det er Ørsta kommune som står bak søknaden.

Vartdal skyttarlag har søkt om tilskot til etablering av elektroniske skiver på skytebana. Fylkeskommunen er positiv til oppgraderinga av Vartdal skytebane og har gitt eit tilskot på 143.000 kroner.

Volda Turn og Idrettslag Allianseidrettslag er godt i gang med oppgraderinga av Stadionparken i Volda. Det er løyvd 300.000 kroner i spelemidlar til prosjektet.

Totalt kom det 288 søknader om spelemidlar. 233 av desse vart godkjende og 118 av søknadane vart løyvd tilskot. Vartdal Turn og Idrettslag søkte om spelemidlar til etablering av kunstgrasbane på Nye Vartdal Stadion, men fekk avslag grunna manglande midlar. Fylkeskommunen opplyser at søknaden formelt er i orden og at idrettslaget kan fornye søknaden til neste år.

Sunnmøre Friluftsråd søkte om spelemidlar til etablering av trasé på Bondalseidet, men søknaden kom ikkje til fylkeskommunen innan fristen. Volda Ørsta Flyklubb har etablert ny flyhangar ved Ørsta-Volda lufthamn og søkte om spelemidlar til prosjektet. Fylkeskommunen måtte gje avslag grunna manglande midlar.

– Talet på søknader viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet framleis er langt større enn det vi har midlar til. Sjølv om vi er nøgd med auken i årets tildeling av spelemidlar, ønsker vi oss alltid fleire godkjente søknadar, då dette påverkar den samla tildelinga til Møre og Romsdal, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.