422.000 til gamlegymnaset

Kulturminnefondet delte i år ut over 100 millionar kroner i støtte til kulturminne over heile landet, og meir enn sju av desse millionane gjekk til Møre og Romsdal.

Gamlegymnaset i Volda.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

I alt 33 prosjekt fekk 7,3 millionar til saman. Frå Møre og Romsdal kom det 75 søknadar på 21 millionar kroner.

Lokalt fekk gamlegymnaset i Volda 422.000 kroner, og Eldhuset i Gamlevege 100.000 kroner.

- Gjennom dei siste åra har mengda søknadar til Kulturminnefondet auka mykje, og vi er med på å redde fleire kulturminne enn nokon gang over heile Noreg, skriv fondet i ei pressemelding.

- Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar, og vi arbeider heile tida med å forenkle prosessen med å søke. Den store auka i talet på søknadar tyder at vi er på rett veg i dette arbeidet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Han er også glad for at Regjeringa har styrka Kulturminnefondet med auka løyvingar, som gjer det mogleg å støtte fleire gode tiltak over heile landet.

Laupande søknadsfrist

Tidlegare har Kulturminnefondet hatt ein årleg søknadsfrist, men det er det slutt på. Frå 2019 blir det laupande søknadsfrist, og private eigarar av verneverdige kulturminne kan søke om støtte kva tid som helst.

Allereie nå er det mogleg å sende inn ein søknad for 2019.

Desse prosjekta i Møre og Romsdal fekk støtte i år:

  • Lesliebrygga klippfiskbrygge, Ole Bjøntegaard Tønder, Kristiansund, 150.000
  • Naust på Iva-Lars Garden, Ingrid og Narve Opsvik, Stranda, 235.000
  • Flå - våningshus, Einar Flaa, Sunndal, 206.000
  • Elverhøy restoration project, Harry Kenyon-Slaney, Sunndal, 247.000
  • Balkonger i Parkveien 6, Jens Petter Grebstad, Ålesund, 114.000
  • Bymisjonssenteret i Ålesund, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Møre, Ålesund, 900.000
  • Omlegging av skifertak på grindløe, Alf Idar Småge, Aukra, 175.000
  • Hessav. 14, plate balkong og vinduer, Bernt Are Wiig, Ålesund, 150.000
  • Djupdalen, Storfjordens Venner, Stordal, 70.000
  • Brandal grendehus, skifertak, Brandal grendehus, Hareid, 573.000
  • Rosekyrkja, Jorunn Monrad, Stordal, 149.000
  • Apotekergata 6 i Ålesund - tårn, Eidsvik eiendom AS, Ålesund, 185.000
  • Steinvågvegen 23 - skifertak, Sameiet Steinvågvegen 23 , Ålesund, 222.000
  • Strandagården, Surnadal billag AS, Surnadal, 360.000
  • Molovegen 20/22 - Kultursenter - Eksteriør, Asgeir Berg, Ålesund, 250.000
  • Rønneberggarden - utvendig panel, Thorstein Jenssen, Sande , 120.000
  • Fasade Gamle Molde Apotek, Møre og Romsdal Boligbyggelag, Molde, 900.000
  • Tollboden Rehabilitering fase 3, Bjørn Michelsen, Kristiansund, 600.000
  • Gamlegymnaset i Volda, Stiftinga Gamlegymnaset i Volda , Volda, 422.000
  • Brygge Volden, Solskjeløya, Irene Wolden Bruset, Aure, 178.000
  • Ramstaddal Kaihus, Venneforeninga for Ramstaddal Kai, Sykkylven, 100.000
  • Ramstadgarden, Myrebakken 14, Karl Kildehaug, Sykkylven, 50.000
  • Trebygning i laftet tømmer , Gunnar Kjønnøy, Kristiansund, 50.000
  • Fredheim, tak, Midsund slekts og historielag , Midsund, 82.000
  • Nordhaug, tak løe, Johan Vasstrand, Sandøy, 133.000
  • Voldsdalstunet - eldstova, Anne Bente Skjellum, Ålesund, 150.000
  • Seterfjøs på Kansdal, Anne Marit Kansdal, Tingvoll, 51.000
  • Vedahuset i Nordhagen, Haugsholmen, Liv Sæther Myskja, Sande , 65.000
  • Smia på Hjelden, Hans Hafsås, Sunndal, 100.000
  • Eldhuset i Gamlevegen 2, Jacob Kjøde, Volda, 100.000
  • Grindløe på støylen, Oddvin Ronald Støylen, Herøy , 140.000
  • Grindløe, Strand gard, Torbjørg Strand Bersås, Skodje, 50.000
  • Salteriet, Lena Seternes, Aure, 60.000