Måndag vart det klart at Bjørke krins vert ein del av nye Volda kommune. Med på lasset følgjer Storfjord kyrkje, eller Bjørke kyrkje som ho også vert kalla.

For prestestillinga, vil ikkje grensejusteringa ha så mykje å seie. Sokneprest i Hjørundfjord og Storfjord sokn, Espen Aarseth, er tilsett av fylket og bispedømet, og vil ikkje verte råka av endringar i kommunekartet.

Derimot vil sjølve kyrkjebygget få nye eigarar. Etter grensejusteringa, vil Volda kyrkjelege fellesråd få ansvaret for både Storfjord kyrkje og Hornindal kyrkje.

– Trist å misse Bjørke

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust i Ørsta, seier det har vore gjort ei konsekvensutgreiing i samband med høyringa til kommunen. Ei overføring til Volda vil ikkje ha medføre så store økonomiske konsekvensar for Ørsta.

– Soknet og bygningsmassen vil berre verte flytta over. Det er ikkje snakk om dei store summane. I utgangspunktet er det mest ein formalitet. Men det er klart det er trist å misse Bjørke kyrkje. Ho har alltid vore ein del av Ørsta. Men vi må vel berre akseptere at det vert slik, seier Myklebust.

Samanslåing av sokna?

Kyrkjeverje i Volda, Jostein Stråbø, seier dei har starta arbeidet med korleis dei skal ta seg av to nye kyrkjer. Onsdag skal han ha møte med rådmann og prosjektleiar i kommunen for å høyre korleis kyrkjene skal integrerast i samanslåingsprosessen.

– Vi får eitt ekstra sokn med kyrkje og kyrkjegard i Bjørke, og det same i Hornindal. Vi må no sjå om der skal gjerast nokon endringar i soknegrensene i området. Vi ser at både Austefjord og Bjørke er små einingar. Dei to har allereie eit godt samarbeid. Kanskje lyt vi ha ein samtale om konsekvensane av å slå saman dei to sokna, utan å forskotere det, seier Stråbø, og legg til:

– Det vert ikkje snakk om å ta ut eller ikkje bruke nokon kyrkjer, men ein kan over tid få eit anna bruksmønster. Det er ikkje stor dramatikk. Ein må berre finne gode måtar å organisere dette på. Kanskje færre gudstenester i dei einskilde kyrkjene, og ein må ambulere meir. Gravferder og vigsler vil framleis verte valfritt. Ein kan ikkje tvinge folk over i andre kyrkjer, seier kyrkjeverja.

Han reknar med det i framtida vil verte eitt sokneråd, med samordning av gudstenesteplanar.

– Då vert det lettare å planlegge kyrkjeleg arbeid i dette området saman. Ein kan bruke kreftene felles, i staden for å ha kvart sitt råd, meiner Stråbø.

Det er 18 kilometer køyreavstand mellom Storfjord kyrkje og Austefjord kyrkje.

Hornindal kyrkje vert og tilhøyrande Volda kommune. Foto: Janne-Marit Myklebust

Grei teknisk stand

– Kva tilstand har dei to kyrkjene de overtek?

– Kyrkjene er i rimeleg god stand. Hornindal har gjort mykje dei siste åra, og Ørsta har løyvd ein del middel på Bjørke. Vi overtek ingen vedlikehaldsbomber, men det vert eit par bygg som vil krevje kommunal finansiering.

Dobbelt så mange

Når nye Volda vert grensejustert i 2020, vil kommunen ha følgjande kyrkjer: Volda kyrkje, Kilsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Storfjord kyrkje og Hornindal kyrkje.

Ørsta vil stå att med Vartdal kyrkje, Ørsta kyrkje og Hjørundfjord kyrkje.