Kartverket har teikna opp det som vert forslaget til nye kommunegrenser når dei skal justerast i 2020.

Det vert understreka frå Kartverket si side at mindre justeringar kan kome, og det må meir nøyaktige målingar til i somme område, men kartet syner korleis utgangspunktet for nye Volda kommune kjem til å verte.

Som ein ser, kjem kommunegrensa til å gå tvers over Jakta og Risenosa.

Om ein legg tala frå kartforslaga til grunn, vil Ørsta kommune etter justeringa reduserast frå 804,4 km2 til 661,7 km2, medan Volda etter samanslåinga med Hornindal og inkluderinga av Bjørke vil auke frå 547 km2 til 881,7 km2. Med andre ord vert nye Volda kommune 220 km2 større enn Ørsta kommune.

Slik kan den nye kommunegrensa sjå ut etter justeringa.