I utgreiinga frå departementet står det: "Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vurdert fylkesmannens tilråding og halde møte med kommunane. Departementet meiner fylkesmannen har levert ei grundig og god utgreiing, som i tilstrekkeleg grad opplyser saka slik at den kan avgjerast. Spørjeundersøkinga visar at innbyggarane er delt i synet på kva for ein kommune dei vil tilhøyre. Fleirtalet vil tilhøyre Ørsta, men eit slikt fleirtal kan etter departementets vurdering ikkje aleine avgjere utfallet, dersom andre moment talar for ei grensejustering."

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tidlegare konkludert med at Bjørke bør gå til Volda kommune. No seier kommunal- og moderniseringsdepartementet seg samde. Det er ikkje klagerett på endeleg vedtak om grensejustering.

-  Departementet meiner grensejusteringar først og fremst skal vere eit reiskap for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønstre og innbyggjarane sin bruk av kommunale tenester. Det ligg i dette at ei kommunegrense må innebere utfordringar for innbyggarane som ei grensejustering vil kunne løyse, til dømes kortare reiseveg eller demokratisk påverknad på tenestetilbodet dei nyttar, for at ei grensejustering skal bli vedtatt. Frå Bjørke og Viddal er det kortare reisetid til alle kommunale tenester og sentrum i både dagens Hornindal (20 min.) og Volda (35 min.) kommunar, enn det er til Ørsta (45 min.).

Vidare viser dei til at barn i området går i barnehage og på skule i Volda og Hornindal, og også er brukarar av skulehelsetenesta der.

- Det er mangeårig tradisjon for at barn i Bjørke og Viddal ikkje går på skule i Ørsta kommune, på grunn av avstanden.

Pleie- og omsorgstenester blir gitt av Ørsta kommune.

- På grunn av avstanden til resten av Ørsta kommune er det redusert tilbod om heimehjelp for innbyggarane i Bjørke og Viddal, samanlikna med andre delar av kommunen.

- Økonomiske tap for Ørsta kommune

Innbyggarane i Bjørke og Viddal utgjer 1 prosent av innbyggartalet i Ørsta kommune, og tapet av innbyggjarar aleine vil ha små konsekvensar for Ørsta, skriv departementet i utgreiinga, signert kommunalminister Monica Mæland.

Kommunalminister Monica Mæland (H). Foto: Hans Jørgen Brun

I grunnkrinsen Bjørke og Viddal ligg også fem kraftverk. Ørsta kommune har berekna tap av inntekter frå desse kraftverka som følge av grensejusteringa til mellom 14 og 18 mill. kroner årleg, og meiner at fylkesmannen si berekning av det økonomiske tapet er for låg. Departementet har ikkje gjort ei nærmare vurdering av dei ulike berekningane, men slår fast at grensejusteringa i begge høve vil innebere relativt store økonomiske tap for Ørsta kommune.

- Departementet ser at ei grensejustering vil vere ei utfordring for kommunen, men meiner samstundes at dei påviste konsekvensane for Ørsta ikkje er så store at det er avgjerande for utfallet av saka. Gjennom kommunikasjon og tenester er Bjørke og Viddal klart mest knytt til nye Volda kommune. Departementet meiner ei grensejustering derfor vil gi klare gevinstar for innbyggarane. Innbyggarar som nytter tenester i Volda og Hornindal vil få røysterett og demokratisk påverknad i kommunen der dei nyttar kommunale tenester, samstundes som det vil bli vesentleg kortare reiseveg til andre kommunale tenester for alle innbyggarane.

Vedtaket lyder:  "Med bakgrunn i tilrådinga til fylkesmannen og med heimel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtar Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunegrensa mellom Ørsta og nye Volda kommune blir justert slik at grunnkrinsen Bjørke og Viddal i Ørsta blir ein del av nye Volda kommune frå 1. januar 2020."