Kommunalminister Monica Mæland tok kontakt med ordførar Stein Aam måndag.

Ho ville melde frå om at regjeringa vil grensejustere og gjere Bjørke til ein del av Nye Volda kommune. Ordførar Stein Aam uttalar at han er svært skuffa over utfallet, men han er også kritisk til dei vurderingane som er gjort av fylkesmannen og departementet i denne saka, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

- Til skilnad frå dei andre grensejusteringssakene i fylket har folkeviljen vorte sett til side.

Ordføraren meiner at det først og fremst er innbyggjarane som bør få avgjere kva kommune dei skal høyre til.- Dette er ikkje berre Ørsta kommune sitt standpunkt. Det er eit demokratisk prinsipp å faktisk lytte når ein vel å spørje innbyggarane. Dette prinsippet er også lagt til grunn i forarbeida til inndelingslova. Når staten då vel å sjå bort frå folkeviljen er det grunn til å vere skuffa.  Vedtaket er også negativt for Ørsta kommune si reiselivssatsing i Hjørundfjorden. Det er nedslåande å sjå at fjorden, som er ei tydeleg geografisk og kulturell eining og eit sterkt varemerke, no vert kløyvd mellom to kommunar.

Vedtaket fører også til at Ørsta kommune sitt inntektsgrunnlag vert svekka, seier ordføraren.

- Dette vil vere til skade for det vidare utviklingsarbeidet i fjorden og kommunen elles. Å misse 18 prosent av landarealet sitt i ei grensejustering har store konsekvensar for ein kommune. Dette er ikkje tillagt nok vekt. No må vi vente på det formelle vedtaket og grunngjevinga før vi tek stilling til korleis vi skal handtere dette.