Voldsfjordkryssing AS, som har som mål å erstatte Folkestadferja med ei bru, presenterte onsdag fleire løysingar for korleis dei vil få til dette.

Kort fortalt er målet å byggje ei bru over fjorden, noko som vil gje Volda og Ørsta om lag 40 kilometer kortare ferjefri veg til midtre og ytre Nordfjord og Bergen.

– Bu og arbeidsmarknaden vil verte utvida med om lag 20.000 menneske, seier Odd A. Folkestad, dagleg leiar i bruselskapet.

I ein animasjonsfilm laga av Nordwest3D, kjem det fram at det vert arbeidd med to bruløysingar. Eitt alternativ er at brua går frå Folkestad sentrum til Andaneset. Det andre er ei litt kortare bru mellom Greivsneset og Krumsvikneset.

Klaff eller fast høgd

For å sleppe skipstrafikk gjennom, ser selskapet føre seg at det kan byggjast enten ei skipssluse (ein klaff som opnar seg når det kjem større båtar), eller ei forhøging i eine enden av brua, så ho får ei fast seglingshøgd.

Om brua vert realisert, vil ho verte kring to tusen meter lang. Til samanlikning er Nordhordlandsbrua 1.614 meter lang.

– Ei hengjebru med eit slikt spenn, er ikkje økonomisk gjennomførbart. Ei flytebru er derimot mogleg å byggje med dagens teknologi, finansiert med tilgjengelege offentlege midlar og brubillett, seier Folkestad.

Klaff: Ein klaff som opnar seg når det kjem større båtar, er eitt av alternativa for å sleppe gjennom skipstrafikk.Illustrasjon: Nordwest3d

– Kan produserast lokalt

Odd A. Folkestad har med andre ord store vyar for korleis Voldsfjorden kan verte ferjefri i framtida.

– Ei bru vil ha stor samfunnsnytte og bety mykje for Volda/Ørsta-regionen. Ein vil få ei stor utviding av bu- og arbeidsmarknaden.

Folkestad ser også føre seg at byggjeprosessen vil kome lokalt næringsliv til gode, mellom anna om ein lagar dei prefabrikkerte elementa i Møre og Romsdal.

– Med dei løysingane som er framstilt, vil ho kunne utviklast av industrien på våre kantar. Vi har basert brua på kjende teknologiar.

Bruplanleggjaren vil ikkje seie så mykje om kostnadsrammene på noverande tidspunkt, men håper å få prosjektet gjennom som eit pilotprosjekt med offentleg finansiering.

– Vi meiner det er tilgjengelege midlar i det offentlege. Vi har utvikla dette prosjektet med tanke på standardisering. Grunnideen er at vi skal kunne levere ei bruløysing som er standard for fjordløysingar der klimaforholda er samanliknbare med Voldsfjorden, som er litt skjerma. Vi kjem til å gå på sentrale mynde for å seie at vi er eit aktuelt pilotprosjekt, seier Folkestad.

Sideforankring

Dei nye bruplanane er endra ein del frå tidlegare, mellom anna ved å endre ankringspunkta.

– Teknologien vi kjem til å bruke, er basert på sideforankring i staden for endeforankra. I forhold til den løysinga vi hadde før, er jarnmengda i brua redusert med om lag førti prosent. Det indikerer ein vesentleg kostnadsredusering i høve det vi har presentert før.

Kvalitetssikring

Neste steg for bruforkjemparane, er å etter ferien hyre inn ein tredjepart for å kvalitetssikre løysingane. Dei har også utvikla eit planprogram der ein ekstern konsulent og Volda kommune skal vurdere kvar brua bør ligge geografisk.

Også planar for Dalsfjorden

Parallelt med kryssinga av Voldsfjorden, som er riksveg, har Voldsfjordkryssing AS laga eigne planar for ei fylkesvegbru over Dalsfjorden. Denne er ikkje like høgt prioritert, men dei ser føre seg at ei bru der vil gå mellom Nautvikneset og Skrubbeneset – ein avstand på kring 1.200 meter. Då vil ein knyte saman Vanylven med Volda/Ørsta.

Animasjonsfilmen som syner korleis bruene er tenkt, kan du sjå på www.morenytt.no

Klaff: Ein klaff som opnar seg når det kjem større båtar, er eitt av alternativa for å sleppe gjennom skipstrafikk. Illustrasjon: Nordwest3d