Ideen kom i mai, då ei mor lurte på om vi ikkje kunne arrangere heste-SFO. Jau, det var ein god idé. Eg spurte på Facebook om det var noka interesse for slikt, og to timar etter hadde vi 23 påmelde born, seier initiativtakar Torill Wollmann, som driv Soltun dyreklubb.

Frå måndag til fredag var det eit yrande liv på garden, då 23 born fekk ei innføring i korleis dei skal stelle og handtere hestar. Frå tidleg om morgonen til halv fire på ettermiddagane har borna fôra dyra og lært kva det inneber å eige ein hest.

Vidare har borna kost seg i finvêret og brukt naturen i området. Onsdag gjekk alle borna rundt Hovdevatnet, og bytta på å ri hestane, før dei rasta og kvilde seg ved badeplassen.

– Det flotte med å kunne arrangere HFO, er at det er så mykje flott natur vi kan nytte i nærmiljøet, og ein grusveg der hestane kan få springe i kontrollerte former, seier Wollmann.

– Ja, det er eit enormt turpotensial i heile området, som langs vegen, opp på Helgehornet, og opp på Åsane. Vi håper vi får behalde dette framover, seier med-initiativtakar og mor til ein av deltakarane, Monica Rand.

Sosialt: Frå åtte om morgonen til halv fire på ettermiddagen har eit tjuetals born hatt det kjekt i lag på Ytrestøylen. Her tek dei ein pause mellom hesteridinga.

Håper på gjentaking

Det er altså første gongen Torill Wollmann arrangerer «HFO» med Soltun Dyreklubb. For å kunne få det til, har ho lånt ein del hestar frå vener, i tillegg til sine eigne hestar.

– Eg har måtte knytte til meg ein del folk. Alle stalljentene mine er med, i tillegg til tre-fire mødrer som hjelper til. Til saman er vi ti hjelparar som arrangerer.

– Kjem de til å gjere det same neste sommar?

– Ja, det trur eg nok. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå foreldra, som fortel at borna sprett spente opp av senga om morgonen, og er trøytte og nøgde når dei kjem heim att. Det er ikkje alle som har interesse for fotball eller handball, som stort sett er tilboda her. Så då tenkte vi at vi kunne ordne med hest også. Ein del har aldri prøvd å ri før, og nokre har aldri sett ein hest i røynda, seier Wollmann.

– Og så må eg få rette ei takk til Sparebank 1, Rema og Europspar for at dei har hjelpt oss å få dette til.

Når Wollmann ikkje driv med hestefritidsordning, driv ho med terapiriding og barneriding på garden på Ytrestøylen.