Sekretariatet for Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL), har ei klar oppmoding når folk i fjorden er klare for å søkje sin del av dei 950.000 kronene som i år er tildelt:

– Tilskotsordninga er eit vinnarlodd. Vert samde om kven som skal søkje tilskot. Og lat oss få føringar for semje mellom grunneigarane.

Oppmodinga kom frå rådgjevar Ragnhild Naug Aas hos fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal, då ho torsdag orienterte om UKL etter at Norangsdalen og Hjørundfjorden har kome under denne nasjonale ordninga. Til stades på møtet på rådhuset i Ørsta var representantar for lag og organisasjonar i området, ikkje minst grendelaga. Med under møtet var også Siv Aksdal frå kulturavdeling i fylkeskommunen og Hege Steigedal ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen. Saman med Ragnhild Naug Aas utgjer desse UKL-sekretariatet.

Kvart år skal det løyvast pengar for ta vare på og formidle verdiane i kulturlandskapet i Norangsdalen og Hjørundfjorden, ei ordning som frå 2020 skal forvaltast av Ørsta kommune. Ordninga er basert på fri vilje og har ingen formelle krav til vern eller restriksjonar. Både grunneigarar, landbruksføretak, foreiningar og organisasjonar, kommunen og andre kan søkje midlar til tiltaka.

Restaurering

– Tiltaka handlar om restaurering og skjøtsel av areal, istandsetjing, og vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne, fortalde Ragnhild Naug Aas.

Midlar kan også verte gitt til nødvendig planlegging av tiltak, tilrettelegging for ferdsel, formidling og andre tiltak som fremjar føremålet med tilskotsordninga. Naug Aas gjorde det klart at tilskotsordninga er ei ordning saman med andre tilskotsordningar.

Norangsdalen og Hjørundfjorden er altså tildelt 950.000 kroner dette året, noko som ifølgje Naug Aas er i øvre sjikt.

– 950.000 kroner er ikkje eit fast beløp årleg, men det vil ligge på rundt dette nivået. Dersom tilskota syner gode resultat, er ordninga med pengestøtte evigvarande, lova rådgjevaren.

Når det skal verte avgjort kven som skal få pengar er det viktig at søkjarane viser at det er bruk for pengane, og at dei vert nytta til gode tiltak.

– Det er også viktig at søkjarane har evne til å etablere spleiselag, og at dei har gode planar og realistiske budsjett. Ein vil få mindre i tilskot neste gong ein søkjer dersom det står att pengar på kontoen ved nyttår, fortalde rådgjevaren hos fylkesmannen.

Når det gjeld moglegheitene for tilskot oppmoda Naug Aas at ein identifiserte kva tiltak ein ønskjer å løfte fram, og at ein år for år fokuserte på utvalde område, og at ein gjerne kopla seg på kommunen sine planar for landbruk og reiseliv, og gjennom dette identifiserte kva type føretak og næringar ein vil løfte fram.

Reiseliv

Ragnhild Naug Aas meinte det er mange gode moglegheiter for reiselivet å få tilskot gjennom bygg og byggjeskikk, historieformidling, formidling av landbruk og lokal mat.

Oppstartsåret er spesielt med kort tid til å søkje og å få tildelt pengar. Fylkesmannen sin representant sa at dei vil involvere kommunen når det gjeld å velje ut kven som skal få midlar dette året.

På møtet var det fleire frå salen som meinte pleie av kulturlandsskap var mellom det første det måtte satsast på. Det vart m.a. peika på attgroing på Stennes.

Etter sommaren skal det haldast folkemøte om tilskotsordninga. Det skal også etablerast ei samarbeidsgruppe for arbeidet, og det skal lagast forvaltningsplan for det aktuelle tilskotsområdet. I tillegg må det kome ein «grov»» plan for prioritering av tilskot – eit dokument som syner semje om tiltak.

– Vi prioriterer etter dykkar føringar, sa Ragnhild Naug Aas.