Det er Volda Maskin som er i gang med planar om eit massetak i dette området. Saka er enno ikkje handsama politisk i Ørsta kommune.

Naboane ramsar opp ei rekkje moment dei meiner må spele inn, og som er grunnlag for at planane vert stoppa.

Dei peikar på støy, både for Ytrestøylen og Kleiva, men også for dei som oppheld seg ved Hovdevatnet.

Naboane fryktar høg støvbelastning i området som følgje av tiltaket.

Vidare peikar dei på vibrasjonar i samband med sprenging, verditap for eigedommane i området, belastningar på beitedyra av brønnvatn og at det er hjortetrekk i området.

– For folk langt utover dei nærmaste naboane, heiter det frå naboane, og dei peikar på Hovdevatnet og Helgehornet som populære rekreasjonsområde som no kan verte forringa.

Naboane ber Ørsta kommune om at det ikkje vert gjeve dispensasjon frå kommuneplanen som definerer området som eit landbruks, natur og friluftsområde.