Det seier reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Frå 1. til 5. april 2019 skal DÅS vere vertskap for Norwegian Travel Workshop. Arrangementet som vert omtala det største og viktigaste reiselivsarrangementet i Noreg. Det er Innovasjon Norge saman med DÅS som står bak arrangementet. 400 utanlandske turoperatørar kjem til Ålesund desse dagane for å kjøpe norske reiselivsprodukt.

– Vi har hatt eit ønske om å gjere litt om på arrangementet frå at det berre er møter i nokre dagar til at vi får vise større delar av Sunnmøre og produkta våre. Det fekk vi no gjennomslag for. No samlar vi verdas beste reiselivsfolk for Noreg og det er rundt 800 menneske som kjem til Sunnmøre. Halvparten er internasjonale kjøparar og den andre halvparten er norske seljarar, seier Skrede.

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre sel inn Ålesund og området rundt som The Adventure Capital of the Fjords, og det er dette dei ønsker å vise fram til dei internasjonale kjøparane. Nyvinninga Day of Adventure gjer at gjestane blir tekne med inn i fjordane for å sjå og oppleve destinasjonane og reiselivsprodukta på nært hald.

– No er det om å gjere for oss å vise fram Sunnmøre og alt det fantastiske vi har å tilby. Oss er både DÅS, alle aktørane og heile næringa. Målet er at både kjøparane og seljarane skal sitte att med kva The Adventure Capital of the Fjords er.

– Gjennom denne The Adventure Capital of the Fjords får dei internasjonale gjestane og dei andre tilreisande både byen og opplevingane på resten av Sunnmøre. Dette er noko som begge partar tenar på, seier prosjektleiar Per Ivar Lied i Ørsta kommune.

Gler seg: Per Ivar Lied, Tom Anker Skrede og Odd Magne Vinjevoll oppmodar det lokale reiselivet til å kome på bana for kva dei kan bidra med under NTW.

Geirangerfjorden, Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane, Runde, Alnes, Trollstigen, Atlanterhavsvegen, Briksdalsbreen og Jugendstilbyen Ålesund er områda er trekt fram når NTW skal arrangerast.

– Eg trur eg kan seie at det er ingen andre som har så store og kraftige ikon, og forskjellige ikon, innanfor eit kompakt område. Det er og tilbakemeldingane vi får frå gjestane som er her. Her kan dei oppleve det på nokre timar som dei gjer på fleire dagar i til dømes New Zealand. Vi får ei veldig god verdiskaping sidan det er så kompakt her, seier Skrede.

Under NTW skal det gjennomførast rundt 8.000 speeddates mellom kjøparar og seljarar. Alle dei 800 gjestane skal og få oppleve Hjørundfjorden på nært hald.

– Hjørundfjorden er ein viktig del av NTW. Då handlar det ikkje berre om å reise inn i fjorden, men det handlar og om å oppleve det som er fantaktisk med fjorden. Her er det liv, bygdesamfunn med særtrekk og kultur. Det er mange flotte fjordar i Noreg, men det som er ekstra unikt med Hjørundfjorden er livet, folka og mangfaldet rundt bygdene. Vi ønsker å løfte fram Hjørundfjorden desse dagane.

Lokalmat vi og spele ein sentral rolle under NTW.

– Under lunsjane og gjennom arrangementet så er det heile regionen som skal gå att, og vi skal få fram kvar maten kjem frå. Mat, aktivitet og berekraft er viktige berebjelkar for oss.

No vonar både DÅS og Ørsta kommune at dei lokale aktørane vil ta del i NTW.

– Det er viktig at vi i kommunen, DÅS og dei som er aktive i Hjørundfjorden samarbeider godt rundt dette arrangementet. Dette gjeld dei som allereie er etablert og dei som planar om å starte opp noko. Vi ønsker å få dei inn i programbygginga så tidleg som mogleg. Det er viktig at aktørane tenkjer produkt og kva dei ønsker å selje, seier Lied.

Ifølgje Skrede er dei ein unik sjanse for dei lokale reiselivsaktørane til å vise seg fram under NTW.

– Det er kjempemoglegheit for det lokale reiselivet, seier Skrede.

– Timinga med den NTW og den reiselivssatsinga vi har i Hjørundfjorden kunne ikkje ha vore betre, seier Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor.