Det skriv ordførarar og rådmenn frå kommunar i sjustjerna i ei felles fråsegn. Dei viser til kvalitetssikringa – KS2 (statlege investeringsprosjekt med kostnad over 750 millionar kroner skal gjennomgå ekstern kvalitetssikring før prosjektet eventuelt vert lagt fram for Stortinget).

– Viktige positive nytteeffektar som verdien av overført trafikk frå veg til sjø, auka tryggleik, positiv effekt for fiskerinæringa, næringseffekt som resultat av betre kommunikasjon (hurtigbåt) og auka utanlandsk turisme er ikkje prissett eller nemnt i det heile i KS2. Stad skipstunnel er eit unikt og banebrytande prosjekt og det er difor ingen samanliknbare prosjekt eller samfunnsøkonomiske modellar som er tilpassa ein skipstunnel, skriv Anders Riise (Hareid), Knut Erik Engh (Ulstein), Jørgen Amdam (Volda), Stein Aam (Ørsta), Arnulf Goksøyr (Herøy), Dag Vaagen (Sande) og Lena. L. Sande (Vanylven).

– Ei tryggare og meir effektiv segling rundt Stad vil legge til rette for at meir gods kan transporterast sjøvegen, og det vil vere mogleg å etablere ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Ei slik hurtigbåtrute vil knyte saman Vestlandet og kysten vår på ein heilt ny måte og opne opp for ein større bu- og arbeidsmarknadsregion frå Ålesund, via den maritime klynga på Søre Sunnmøre til Måløy/Florø. Hurtigbåttrafikk og auka arbeidsmarknadsintegrering er heilt utelate i KS», trass i at vestlandsfylka har gjort vedtak om at dei skal utgreie hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund.

Vidare skriv dei at skipstrafikken skal auke med 41 prosent fram mot 2040, og at vestlandskysten har den mest omfattande skipstrafikken og at Stadhavet er ei av dei mest utsette strekningane langs kysten.

– Med skipstunnelen får vi sikrare passasjertrafikk også for mindre cruiseskip, hurtigbåt og kystrute. I tillegg opnar det opp for småbåtturisme, som i dag vert avgrensa av vêrtilhøva ved Stad. Eit forlis ved Stad vil fort kunne få svært dramatiske konsekvensar. Medrekna oljeforureining, tap av menneskeliv, materielle tap og vrakberging kan eit forlis påføre samfunnet større kostnader enn den faktiske prisen med å bygge skipstunnelen. Stad skipstunnel kan bli ein attraksjon i verdsklasse, men auka internasjonal turisme er ikkje nemnt med eit ord i KS2. Vår kommune forventar at planane om bygging av Stad skipstunnel i Nasjonal transportplan vert gjennomført med byggestart seinast i 2021, i tråd med Kystverket sin handlingsplan, avsluttar dei.