PE Bjørdal opplever sterkt vekst - skal tilsetje fleire folk

– Er rusta for framtida

PE Bjørdal fylte 111 år fredag og markerte dette med å opne ein ny produksjonshall.

Kaker: Tidlegare og noverande tilsette fekk kake under opninga av den nye produksjonshallen til PE Bjørdal. Frå venstre Helge Kile, Kåre Vatne, Daniel Lapteacru og Helge Lid.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det er nødvendig: Den tradisjonsrike industribedrifta i Hovdebygda går så det susar, ordremengda er stor og det går mot eit svært godt år for bedrifta som må tilsetje meir folk framover.