Det heile vart markert under kommunestyremøtet i Ørsta torsdag.

Æresprisen

Svanhild Slettedal og Einar Slettedal er tildelt æresprisen frå legatet. Dei dreiv gard i Sledalen i Bondalen. Dei tok over drifta i 1979 etter foreldra til Einar, og fekk skøyte på garden i 1988. Drifta på garden var mjølk- og kjøtproduksjon på ku, og fram til 2007 vart det også drive med sau. Svanhild og Einar overlèt drifta til sonen Karl Frode i 2013. Siste åra var produksjonen basert på om lag 17 kyr og 34 andre storfe. Jordbruksareala på bruket var ved overskøytinga 123 daa fulldyrka jord og 40 daa innmarksbeite. I tillegg vart det leigd 89 daa fulldyrka jord frå andre bruk.

– Arela framstår veldrivne og godt vedlikehaldne og tyder på eit brukarpar med stor interesse for, og kunnskap om jordbruk under spesielle vilkår som det må seiast å vere i Sledalen, står det skrive i grunngjevinga.

Einar var gardbrukar på heiltid, medan Svanhild siste åra hadde arbeid på Hjørundfjordheimen. Etter at dei tok over kjøpte dei jamleg mjølkekvote frå staten, når det var høve til det, for å auke produksjonsmoglegheitene. Då dei tok over drifta var kvoten på 63.000 liter, og då dei overlèt drifta til neste generasjon var han kome opp i vel 104.000 liter. Dei fekk femårs plakett frå Tine for god mjølkekvalitet. Einar har heilt sidan han tok over arbeidd med å dyrke opp areal, og han har nesten årleg nydyrka, planert eller grøfta areal.

Sledalen er ein fonnutsett dal, som gjev ekstra utfordringar. I 1968 tok fonna gamletunet på garden, og det vart naudsynt å bygge opp nytt tun lenger nede i dalen. Fonnene fører til øydelegging av gjerde, og det må stadig verte rydda vekk masse frå markane, som fonn og flaumvatn har teke med seg.

Svanhild og Einar hadde 170 daa produktiv skog. Fonnene gjer at skogen er utsett, og noko skog er gjennom åra teke av fonna. I Sledalen dreiv dei før med hogst og sal av ved. No er kulturskogen etter kvart hogstmoden, og det vert levert tømmer til slip og skur frå garden. Svanhild og Einar er no kårfolk på bruket, der Karl Frode held fram i same ånd som foreldra, med ny driftsbygning til 53 mjølkekyr.

Svanhild og Einar vart tildelt jordbrukspris frå Aarsæterlegatat i 2009, og no får dei også æresprisen.

Jordbruksprisen

Inga Kolås Aarsæther og Per Arne Aarsæther dreiv gard på Årsætra i Follestaddalen. Dei tok over drifta etter foreldra til Per Arne, Karen og Sverre, og fekk skøyte på garden i 1985. Drifta på garden var storfe med mjølk- og kjøtproduksjonen og gris. Grisehaldet vart seinare avvikla.

Inga og Per Arne overlèt drifta til sonen Kjell Stian i 2017. Driftsopplegget deira var stabilt med om lag 12 mjølkekyr og 25 andre storfe.

Jordbruksareala var ved overskøytinga 91 daa dyrka jord og 42 daa innmarksbeite. I tillegg vart det leigd 79 daa dyrka jord og 35 daa beite frå tre andre bruk.

Ei av leigejordene er på Øyehaug. Då pelsdyrfarmen her vart lagt ned, tok Per Arne på seg å dyrke opp att heile arealet der reveskura stod, ein storjobb, står det skildra i grunngjevinga.

På Årsætra er det både flater og bratte bakkar. Per Arne har jamt halde på med å forbetre jorda ved å drenere og planere dei bratte bakkane, slik at bruket skulle verte meir lettdrive med gode driftsvilkår.

Det er fire bruk på Årsætra, og i 2002 fekk dei kjøpe eit bruk som tilleggsjord. På den måten vart eigd jordbruksareal dobla, og dei fekk meir areal i tunet som var trongt. I dei seinare åra har dei teke til å planere ut bakkane på dette bruket, for det meste gjort av Kjell Stian.

Brukarparet har i tillegg til gardsdrifta henta inntekt frå anna arbeid. Då dei tok over i 1985 var mjølkekvoten på 38.000 liter. Opp gjennom åra har dei kjøpt kvote både frå staten og privat, slik at når dei no overlèt garden til neste generasjon, var kvoten på 75.000 liter.

Årsætra er bevart som klyngetun då området er rasutsett. År om anna kjem ras ned på markane og gjev naturskade, med påfølgande opprydding og istandsetting av jorda. For å dempe skadane er det mellom anna laga kanalar.

Sjølv om det er hardt arbeid å drive gard på Årsætra, så er Inga og Per Arne glade for at neste generasjon har teke over og vil drive garden vidare. Kjell Stian satsar på å halde fram med mjølk, i tillegg til ammekyr.

Prisen frå Aarsætherlegatet er i tillegg til heider og ære, ein diplom utforma av Karl Straume i 1953, og eit måleri den lokale kunstnaren Rune Innselset.

Aarsætherlegatet

Aarsætherlegatet vart oppretta til minne om Anders Knudsen Aarsæter og hustru Marte Nilsdatter Aarsæter. Stiftingsdokumentet er underskrive 9. februar 1918, og legatet fyller dermed 100 år i år.

Legatet skal vere «til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred», står det i stiftingsbrevet. Styret for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, tre valde politikarar frå kommunestyret og ordførar, som er leiar for styret.

Det kan delast ut jord- og/eller skogbrukspris frå legatet, og det kan delast ut ærespris. Det har vore delt ut prisar nesten årleg i desse 100 åra, men pga. låge renteinntekter siste åra, har det vorte lenger mellom tildelingane. Men i år har familien lagt inn ny kapital, med 50.000 kroner, og då særleg med tanke på å få dele ut prisar i jubileumsåret.

Landbrukssjef Liv Bente Viddal innleia utdelinga av prisane under kommunestyremøtet i Ørsta torsdag.

– Ørsta har tradisjonelt vore ein stor landbrukskommune, og det er vi også framleis, sjølv om talet på aktive bruk har gått ned. Fræna er den største landbrukskommunen i Møre og Romsdal. Ørsta er nummer to. I 2017 hadde vi 174 bruk i drift. Det er meir enn ei halvering på dei siste tjue åra, men produksjonen har ikkje gått tilsvarande ned. Dei som driv, driv større, og med meir leigejord enn før. I 2017 vart det produsert 9,6 millionar liter mjølk og 700 tonn kjøt i kommunen. Jordbruksarealet som er i drift er i underkant av 34.000 daa. I tillegg gir landbruket ringverknader til andre næringar, og som også viser godt att i kulturlandskapet. Landbruk er også skogbruk, og vi haustar no av den innsatsen som vart gjort under skogplantinga på 1950-1960-talet. Det vart teke ut 25.000 kubikk tømmer i 2017, og med opning av ny tømmerkai i Ørsta tidlegare denne månaden, ligg alt til rette for vidare hausting. Vi må også tenke framover og plante ny skog til komande generasjonar, helsa landbrukssjefen.