42 kilometer og mange hundre høgdemeter vart forsert av Hesthaug på den imponerande tida 4.29.06. Løypa i Ørsta fjellmaraton går frå tunet til arrangør Arve Haugland på Barstad i Follestaddalen, opp skogsvegen til Hellevegen, til Brekkeheia, Brekkesetra og til Kråkenakken (496 moh.). Derifrå går løypa vidare til Grøthornet (747 moh.) og deretter til løypas høgaste punkt: Sandhornet (909 moh.). Ned att går løypa over Rambjørhornet, til Mosetra og over Dalevegen til Barstadheia og til mål på Barstad. Dei som spring heilmaraton snur på Barstad og spring same runde tilbake.

Midtvegs i løpet var det Marcus Megrund (Valder IL) som var i føringa med passeringstida 2.07. Andreas Skylstad, som var den lokale favoritten, var ikkje langt bak på tida 2.09. Eitt bak Skylstad og Megrund passerte Hesthaug. 20-åringen var den som hadde mest krefter etter vending på Barstad, og ein blid vinnar kom åleine i mål til ny løyperekord på heilmaraton.

– Eg har sprunge lenger løp i Tromsø Skyrace og Stranda Fjordtrail race. Eg hadde von om å fullføre løpet i dag på under fem timar, og eg er svært nøgd med å kome i mål på under fire og ein halv time, sa Hesthaug etter målgang. Vinnaren var godt nøgd med løypa og held det ikkje usannsynleg at han vil stå på startstreken igjen.

Skylstad passerte Megrund og tok 2.-plassen på tida 4.43.03. Ei forbetring av personleg rekord på nesten ti minutt. Megrund, som rota seg litt vekk på slutten av løpet, tok 3.-plassen på tida 4.54.33.

Marcus Megrud, Jonas Hesthaug og Andreas Skylstad. Foto: Joachim Åsebø

På halvmaraton var Bjørn Ole Vassbotn, Volda, ein førehandsfavoritt. Og den spreke Voldingen som vart nummer tre i Birkebeinarløpet i si årsklasse for nokre veker sidan innfridde. Med tida 2.08.31 kom han først over målstreken på Barstad. Einar K. Fuglerud, NTNUI Triatlon, tok 2.-plassen på 2.12.25 og Terje Åmelfot, Ørsta, tok 3.-plassen på tida 2.12.46. Johnny Riise, 2.14.02, frå Hovdebygda kom på 4.-plass og Øystein Mårstøl, Ørsta, tok 5.-plassen på tida 2.16.48.

– Eg er godt nøgd med eigen innsats, og eg byrjar å bli ein gammal mann, sa Vassbotn med eit smil etter målgang.

– Eg har fått trent godt og pallen var eit mål i Birkebeinerløpet. I dag var ambisjonen om å vere topp fem. Eg er best i motbakkane. Eg fekk ei luke, men eg såg ikkje kor stor den vart grunna skodda. Det vart litt tungt på slutten. Ørsta fjellmaraton er eit kjempearrangement, og her er det tilbake til grunnprinsippa.

Einar K. Fuglerud, Bjørn Ole Vassbotn og Terje Åmelfot. Foto: Joachim Åsebø

I dameklassa var Ingrid Festø frå Volda, men som representerer IL Gular, favoritt og vann suverent på tida 2.21.52.

– Forholda var betre enn det eg hadde trudd på førehand grunna regnet, men det vart tungt. Eg er ikkje nøgd med eigen prestasjon, og eg var ni minutt raskare i fjor. Det er noko som må gjerast, men det var kjekt. Eg hadde god draghjelp gjennom løpet, og må tilbake og prøve på nytt til neste år, sa ein blid vinnar.

Ingrid Festø var klart raskast blant damene i halvmaraton, men var ikkje heilt nøgd med eige løp. Foto: Joachim Åsebø

Med 120 påmelde vart det ny deltakarrekord for Ørsta fjellmaraton. I år vart løpet arrangert for tredje gong og det samla løparar frå ein stor region. Fleire valde også å gå gjennom løypa og ta det som ein tur.