Eldsterådet skriv i ein merknad til områdeplanen for Ørsta sentrum at dei har forståing for at må til ei utvikling og fortetting av sentrum.

– Vi som kyrkjelyd er likevel uroa over at det ser ut som vi står i fare for å verte innebygde om planane som ligg føre, vert realiserte. Vi ber om at det i planen vert teke omsyn til at frikyrkjebygget framleis må få vere eit kyrkjebygg som syner tydeleg att i Ørsta sentrum.

Det kjem og ønske om at grøntområdet ved kyrkja skal bevarast.

– Dette arealet opnar mot kyrkjebygget vårt og gjer kyrkja til «eit viktig blikkfang og fondmotiv» som beskrive i plandokumentet. Området heng saman med kjempehaugen og opnar også for at denne er godt synleg. Elles ser vi at grøntområdet rundt sjølve kyrkjebygget er noko redusert og føreslege til parkeringsareal. Vi har sjølvsagt bruk for parkeringsareal og er ikkje ukjende for å opparbeide slike på nordsida av bygget.