Det seier Marit Aklestad (SV) etter at kommunestyret torsdag gjekk inn for å løyve 600.00 kroner til ei utviding av Sæbø barnehage. I første omgang skal det byggast eit råbygg som skal nyttast til vognskur, men med moglegheiter for å seinare kunne innreie det til barnehagelokale.

– Vi vil ha fleire barnefamiliar til Sæbø, og då må vi ta konsekvensane og vise at vi også har plass til dei, seier Aklestad.

Synnøve Rekkedal Hill (SP) viser også til at det er viktig med barnehageplassar for å sikre arbeidskraft, mellom anna til Hjørundfjordheimen.

– Skal du ha jobb der, kan du ikkje ha barnehageplass ein annan stad i kommunen. Det er det ikkje rom for med omsyn til arbeidstidene. Så enkelt er det. Eg trekkjer eit lettens sukk over at det no endeleg ser ut til å vere Sæbø barnehage sin tur.

Vedtaket vart gjort av kommunestyret då dei hadde oppe saka om revisjon av investeringar for 2018, etter framlegg frå fleirtalskonstellasjonen SP, Ap og Frp. Forprosjektet for barnehagen er estimert til 75.000 kroner i 2018, med 600.000 i investeringskostnad i 2019.

Andre ting dei fremja som dei ikkje ønskte skulle takast ut av budsjettet: Fremre Mo B10, Legene – utviding av bustadfelt, Samleveg Leitevegen (Rystefeltet – Hovden), Klimatiltak 50/50, Utvikling av Rjånes kaiområde (Rjånes som knutepunktanløp for Stad skipstunnel), Grunnerverv i Hovden næringsområde, sal av kommunale eigedomar for tre millionar kroner, samleveg Smådalane.

Framlegget vekte reaksjonar frå opposisjonen.

– Eg er forvirra over kva som er prioritert eller ikkje prioritert. Ein ting som vi gløymer og som vi må ta med oss når det gjeld investeringar er at dei fører til reduserte driftskostnader. Mange av dei tiltaka de skisserer opp er «nice to have» og som gjer deg populær ute blant innbyggjarane, men dei reduserer ikkje driftskostnadene. Ein av dei tinga vi var samde om å prioritere er å flytte basestasjonen for heimebasert omsorg til Vallamarka frå Ørstaheimen. Det ligg ikkje inne i desse planane og det påfører oss ekstra driftskostnader. Men det gir berre resultat internt, og det er betre å snakke om andre ting ut i media. Men vi må fokusere på dei investeringane som gir effektiv drift, og då må dette fram. Dette kommunestyret feiar slike vedtak ut, og kjem med nye populistiske vedtak, sa Sven Castberg (H).

Stein Aam (SP) meiner det ikkje er grunn til uro.

– Eg kan roe deg Castberg, om at basestasjon på Vallamarka vert følgt opp og er under arbeid. Det er ansvarleg det vi gjer.

Ved avrøysting var det 13 som stemte imot fellesframlegget frå Ap, Sp og Frp. Fleirtalet vann fram.