I mai 2017 kunngjorde Ørsta kommune ei open tilbodskonkurranse knytt til skyssbåtdrifta på Hjørundfjorden. I konkurransegrunnlaget la Ørsta kommune til grunn at «tildelinga skjer til tilbydaren som har lågast pris (70%) og andre kriterium som går fram av dette konkurransegrunnlaget (30 %)». Det kom inn tre tilbod innan fristen og 23. juni i fjor inngjekk kommunen avtale med Christian Gaard Bygdetun AS. Hjørundfjord Fjordservice AS klaga inn saka for Klagenemnda for offentlege innkjøp i august.

Ulovleg tildelingskriterium

I klagen har selskapet meint at kommunen har brote regelverket ved å ha eit ulovleg tildelingskriterium.

– Tildelingskriteriet «andre kriterium som går fram av dette konkurransegrunnlaget» viser til heile konkurransegrunnlaget utan nærare spesifikasjonar.

Dei meiner at det har vore uklart kva for andre kriterium som skal vektleggast og at tildelingskriteriet dermed ikkje har vore utforma på ein måte som gjer at alle tilbydarane kunne forstå det på same måte. Hjørundfjord Fjordservice har meint at konkurransen skulle ha vore avlyst.

Kommunen har meint at tildelingskriteriet «andre kriterium» har oppfylt krava til klårleik.

KOFA har konkludert med at det er vanskeleg å sjå at tildelingskriteriet har vore så uklårt at det har vore brot på forskrifta om offentlege innkjøp. Dei understrekar at konkurransegrunnlaget inneheldt ei rekke krav til tenesta, som det var naturleg å forstå som minstekrav.

– I konkurransegrunnlaget var det også enkelte punkt som er mest naturleg å oppfatte som informasjon til tilbydarane. Det er ikkje klart kva av desse punkta som tildelingskriteriet relaterer seg til. Sett vekk frå enkelte formuleringar om at fartøyet skal vere «eigna» til å trafikkere dei aktuelle kaiene/hentestadane, og at det skal vere «gode og trygge løysingar» for å stige om bord og i land, er det vanskeleg å sjå kva som vere gjenstand for ei kvalitativ vurdering. Heller ikkje konkurransegrunnlaget sitt krav til kva tilbod skulle innehalde, gir noko svar på dette.

– Det er nærliggande å gå ut frå at denne feilen har hatt betydning for utforminga av tilboda. Konkurransen skulle difor vore avlyst, noko som også gir grunnlag for tilbakebetaling av klagegebyret. Nemnda tek på denne bakgrunn ikkje stilling til klagar sin merknad om mangelfull grunngjeving for tildeling av kontrakt, heiter det frå nemnda.

– Vil bruke tid

Fungerande rådmann Eldar Øye seier at Ørsta kommune vil bruke litt tid på å gå gjennom avgjerda til KOFA.

– På eit generelt grunnlag kan eg seie at det viktigaste tildelingskriteriet var pris, og tilbodet som fekk oppdraget hadde klart lågast pris. Utover det vil vi ikkje kommentere meir no. Vi vil bruke tid til å sette oss inn i vurderingane som er gjort, seier Øye.