– Det er på tide å sjå på situasjonen for dei ungane som må ta buss til og frå skule.

Det seier Tove Halse Digernes (SP). Ho er sjølv mor til skuleborn som tek bussen frå Liadal til Velle skule.

– Vi har lenge uroa oss over busstoppet i Sandvika. Der er ikkje areal der ungane kan stå og vente på bussen. På det smalaste punktet er det ein dryg meter frå køyrefeltet. Om vinteren er det sjølvsagt mykje verre. Då må ungane stå og «vagle» på brøytekantane som også skal ha plass.

I levekårsutvalet tidlegare i juni tok Halse Digernes opp problemstillinga.

– Kor trygt er det for små barn å stå på busstopp langs mørke og trafikkerte vegar med til dels høg fartsgrense? Fleire har tatt kontakt med meg og sagt at ungane deira opplever det som utrygt å ta buss til og frå skule. Dette har med både fysiske og psykiske tilhøve å gjere. Det er ikkje kjekt å vere 5 1⁄2 år og stå åleine langs ei strekning på E39 i piskande regn ein mørk desembermorgon. Der er ikkje busskur, bilane passerer i stor fart få meter frå der dei står. Bilane køyrer fort, dei kjem frå ei ferje eller dei skal nå ei ferje. På Rjåneset er det 70 km/t-sone, men der er ikkje gangfelt for kryssing eller busstopp for elevane. Som politikar ynskjer eg å vite kva føresette og skuleelevar skal finne seg i når det gjeld tryggleik medan dei ventar på buss, når dei er på bussen og når dei går av bussen. Eg ynskjer at trafikktryggingsnemnda skal sjå på dette og ynskjer at levekårsutvalet får orientering om avtalen kommunen har med transportleverandør.