Foreldre til born i Liadal er uroa for tryggleiken til borna som skal ta bussen til skulen.

– Dei må krysse E39, og her er ingen overgang, så vi må sende dei rett ut i vegen i ei 70-sone, som av mange er sett på som ei ynda strekning til å ta forbikøyringar. Og hadde her berre vore eit busskur eller ein skikkeleg busstopp på denne sida av vegen. Men det er der heller ikkje, seier Monica og Terje Stranden.

Dei har ein gut som tek bussen til Velle skule kvar dag, og to yngre gutar som snart skal same vegen når dei skal byrje på skule om få år.

I dag vert ungane plukka opp i krysset ned mot den gamle ferjekaia på Rjåneset.

– Her har også vore problem med at skulebussen som har kome for å hente ungane ikkje har køyrt ned til kaia for å snu, men har rygga seg inn. Eg har høyrt ungane skrike fordi dei har vore redde, fortel Monica Stranden.

Dette har dei teke opp med busselskapet, og situasjonen skal vere rydda opp i.

– Men det er ikkje greitt at både vi og ungane går her med hjartet i halsen. Hadde her vore eit skilt i det minste, som gjorde bilistar merksame på at det er skuleungar langs vegen. Men her er absolutt ingenting.

Tonje Maria Hansen og familien bur på «rett side» av vegen med omsyn til skulebussen, men dei er heller ikkje nøgde med situasjonen.

– Her er ikkje lys eller noko som gjer at ungane kan bli sett.

Dei er også kjende med at ein familie skyssar ungane til skulen sjølve, på grunn av situasjonen.

– Vi fryktar at det skal skje ei ulykke. Slik det er i dag må vi følge ungane og stå der saman med dei fordi dei er redde sjølve. Det er ikkje berre enkelt med omsyn til at vi må rekke arbeid og slike ting. Ungar skal kjenne seg trygge på sin eigen skuleveg, meiner foreldra.

Endringar frå hausten

Dei har teke problemstillinga opp med samferdselsavdelinga i fylkeskommunen. I eit brev svarar fagansvarleg i driftsseksjonen, Svein Ivar Aarskog, at det vert endringar for borna på Rjåneset frå hausten av.

– Elevane på Rjånes kan ikkje ha påstiging ved vegkrysset. Vi kan ikkje ha situasjonar som fylkeskommunen er gjort kjent med, skriv han, og viser til situasjonen der bussen har rygga inn for å plukke opp ungane.

– Tiltaket er at elevane går på buss på busslomma ovanfor Rjånes ungdomssenter. Elevane tek då FRAMekspress med ankomst på Ørsta rutebilstasjon. Elevane går så frå Ørsta rutebilstasjon til skulen. Vi orienterer om at vi i tillegg kjem til å ha ei synfaring på om det er trygt å krysse E39 og ta FRAMekspress for alle elevar på strekninga Rjåneset-Sandvika. Dersom vi vurderer det som trygt, vil vi starte ein prosess med Ørsta kommune og føresette på dette. Oppstarten 20. august vert slik som skuleskyssen er i dag, med unntak av elevane på Rjånes. Eventuelle endringar vil skje i løpet av hausten, står det i brevet.

Tove Halse Digernes (SP) meiner dette ikkje er godt nok. Ho har engasjert seg i saka, både som mor til skuleborn frå Liadal, og som lokalpolitikar.

– Små ungar skal altså framleis måtte krysse E39, og så gå til eit busstopp nært Rjånessvingen, ta timeekspressen til Ørsta, gå av på rutebilstasjonen, gå opp til Velle skule og kanskje kome tidsnok. Så små ungar i ei trafikkgryte midt i Ørsta sentrum, med redsle for om dei når skule eller ikkje. Så må dei i tillegg sjå at den ordinære skuleskyssen kome og snu med dei andre ungane, utan at dei skal få vere med. Det held ikkje, meiner Halse Digernes.

Svein Ivar Aarskog seier at dei gjer det beste dei kan i situasjonen.

– Der er gangveg frå Rjånes mot Grøvika, om dei ønskjer å gå på bussen der. Då slepp dei også å krysse vegen. Sjølv om det er eit stykke å gå, så seier skyssreglementet at elevar kan gå inntil to kilometer morgon og ettermiddag. Problemstillinga om snuforholda i krysset har vi teke opp, og det gjer vi no noko med ved å sende elevane på rutebussen. Det har vi ikkje hatt moglegheit til før, fordi bussen ikkje har kome tidsnok inn til sentrum. Men slik er det ikkje lenger. Når det gjeld det at elevane må krysse E39, så har vi ikkje kome opp men noko anna løysing der. Men skuleskyssen er ei sak som der kvar enkelt forelder kan få si sak vurdert. Om føresette oppfattar skuleskyssen som trafikkfarleg, kan dei klage dette inn til fylkeskommunen, på vegner av sin elev. Så vil fylkeskommunen handsame denne klagen. Det har alle høve til å gjere, og det er mitt råd.