Tussa Kraft AS overtek Statkraft sin 49 % eigardel i energiselskapet Istad AS i Møre og Romsdal. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 %) og Moldekraft AS (17 %).

- Prisen er konfidensiell, men kjøpar og seljar har blitt samde om ein akseptabel pris for begge partar, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal i ei pressemelding.

Tussa opplyser at kjøpet av aksjeposten er motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal. Aksjeoverdraginga kan først gjennomførast etter at naudsynte godkjenningar ligg føre frå styresmaktene og aktuelle styre.