Trafikktryggingsnemnda er synonymt med samfunnsutvalet, og har møte nokre gonger i året for spesifikt å drøfte saker om tryggleik i trafikken.

På møtet tysdag vart handhevinga av skiltplanar, politivedtekter og tiltak mot støy og bråk eit tema. Samfunnsutvalet landa til slutt på eit vedtak der administrasjonen vert bedne om å få ein tettare dialog med politiet, og be politiet om å bruke tilgjengelege verkemiddel for å sjå til at skiltplanar, vedtekter og lover vert følgde.

– Kvart einaste år får vi om somrane høyre om bråket i Ørsta sentrum. Og vi får saker om forsøpling. Vi må vere tydelege på at slik framferd må bøteleggjast, for det er språk folk forstår, sa Astrid Bjørdal (Ap).

Anne Sølvi Vatne (H) var mykje samd med Bjørdal.

– Politiet må bruke verkemidla dei allereie har tilgjengelege. Dessutan ynskjer eg at vi skal gjere det som hotellet har gjort, nemleg å snakke med rånarane. Mange av oss har vel vore i ein rånebil sjølve, sa Vatne.

Pauline Vinjevoll (Frp) undra seg over at det ikkje vart aksjonert meir frå politiet si side.

– Eg kan ikkje skjøne at det ikkje kan vere dei same aksjonane overfor dei som lagar støy og forsøplar som overfor dei som vert bøtelagde for urinering og drikking, sa Vinjevoll.

Assisterande rådmann Eldar Rune Øye forklarte at det er på gang eit tettare samarbeid mellom politi og kommune, og at det vert lagt opp til å gjenninnføre ordninga med politiråd, der kommunen og politiet har fleire felles møte gjennom året.

– Dessutan må vi understreke at sentrum skal vere for alle, også for motorinteressert ungdom. Vi skal godta at alle ferdast i sentrum, så lenge ein held seg til folkeskikk og lovar og reglar, sa Øye.

I debatten vart det også peika på skiltplanane rundt om kring i kommunen, og der dei ikkje vert respektert. Den mest omtalte saka er Osgeila.

Her informerte rådmannen om at vegvesenet ikkje har hatt kapasitet til å handsame kommunestyret vedtak frå mars i år, der ein ny skiltplan vart vedteken. Difor er den gamle framleis gjeldande.

– Og då må politiet handheve denne planen til den nye er godkjent, sa Astrid Bjørdal, og fekk trafikktryggingsnemnda med seg på eit vedtak der administrasjonen ber politiet ha kontrollar i Osgeila.