– Alt gjekk knirkefritt, og etter planen seier transportplanleggar Knut Arne Stokke hos Bøstrand Transport.

– Men det var små marginar?

– Det var det, men dette er ikkje noko du flyttar kvar dag.

Historia bak har vore omtala i Møre-Nytt før. Ole Jørgen Ose averterte i vinter eit gammalt, men godt, hus til sals for ei krone. Vilkåret var at kjøparen tok på seg å flytte huset

Ose-Åmås

Einar Åmås fekk tilslaget. I det huset vart lyfta på ein av Bøstrand sine bilar måndag ettermiddag vart kjøpssummen overlevert. Så kunne transporten til Åmås byrje.

– Vi har synfart ruta nøye. Det har vore spesielt viktig å måle opp breidda og høgda på bruene, seier transportplanleggar Knut Arne Stokke ved Bøstrand Transport.

Høgebrua er den smalaste. Her er rekkverket så lågt at lasta kunne hevast over rekkverket. Men berre så vidt. Transportørane la ut plankar for å kome dei naudsynte ekstra centimeterane opp.

– Vi var mest spent på brua over Rossåa. Her var det berre tre centimeter på kvar side å gå på, og det er i ein sving, så bilen kjem ikkje rett inn på.

Men sjåfør Geir Ole Hopland heldt tunga beint i munnen, både over Rossabrua og Høgebrua.

– Det var spennande, men vi hadde full kontroll, seier Knut Arne Stokke.

Oppdragsgjevaren er svært nøgd.

– Inge Kolås sine folk gjorde eit godt arbeid med å førebu transporten og sikre huset, og transporten gjekk fint. Eg har ikkje funne ein einaste skade på huset. Ikkje eingong måling som har flassa av, seier Einar Åmås.

Han byggjer opp eit tilbod på garden for arrangement og overnattingar.

–Prisen vert vel langt over ei krone for huset?

– Det nærmar seg 400.000 allereie, og det vert nok det dobbelte før alt er klart. Men huset passar godt inn i tunet, og det er gir ei anna oppleving enn det ei ny laftehytte ville gjort, så eg er nøgd