Det kjem fram i ein merknad til områdeplan for Ørsta sentrum.

– Vi reknar med at einvegsregulering truleg vil gje redusert trafikkmengd, sikrare trafikkavvikling og færre konfliktpunkt, skriv seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp.

Det andre alternativet i planen er tofeltsveg, men med midtskilar mot E39.

Det vert og poengtert at om skuletomta til Velle skule/noverande Ørsta vgs. skal kunne utbyggast i framtida, er det mest ønskeleg frå skuleseksjonen at nedre del av Anders Hovden-gata vert stengd.

– Innkøyring frå skuleområdet derifrå ved skulestart og skuleslutt når borna vert bringa og henta utgjer ein betydeleg del av den faren som borna vert utsette for.

Driveklepp understrekar at ei stenging vil vere uheldig for bensinstasjonen, men at det burde la seg ordne med anna innkøyring frå E39.

– Ei slik løysing ønskjer vi å få utgreidd.