Det seier ordførar Stein Aam (Sp) etter at han måndag og tysdag var med på fylkestinget si handsaming av investeringsplanen for dei vidaregåande skulane, og handsaminga av økonomiplanarbeidet.

Aam erkjenner at Møre og Romsdal fylkeskommune har eit problem. Det problemet heiter Nordøyvegen, og han er per dato underfinansiert med mellom 800 millionar kroner og ein milliard kroner.

Oktober

– Difor vert det ikkje noko formelt igangsetjingsvedtak for Ørsta vidaregåande skule før Nordøyveg-saka har fått si avklaring. Det skal skje på fylkestinget i oktober, seier Aam.

Han er likevel definitivt trygg på at Ørsta vidaregåande skule vert bygt.

– Det er heilt klart blant fylkestingsmedlemmene at det er to val for Nordøyvegen. Anten at det vert henta inn ekstern finansiering, eller at prosjektet vert lagt vekk, seier Aam.

Han fortel at det overfor fylkestingsmedlemmene på gruppemøta kom sterke signal på at ei ekstern finansiering av Nordøyvegen er under arbeid, med 200 millionar kroner frå nye Ålesund kommune, og 300 millionar kroner frå private verksemder.

– Men kjem ikkje desse midlane fram, er eg heilt sikker på at fylkestinget seier nei til å byggje Nordøyvegen slik planane no er, seier Aam.

For Ørsta-ordføraren er overtydd om at fylkespolitikarane ikkje vil gå med på å redusere og utsetje naudsynte investeringar i den vidaregåande skulen.

Investeringsprogrammet som vart vedteke, medfører at Ørsta vidaregåande skule er prioritert på tredjeplass, etter Fagerlia vidaregåande skule og Spjelkavik Arena. Etter Ørsta følgjer Fræna vidaregåande skule på fjerdeplass og Ålesund vidaregåande skule, Sjøsida, på femteplass.

– Det vart gjort eit forsøk på å få prioritert ein ny fjøs på Gjermundnes vidaregåande skule før Sjøsida, men det fall. Ålesund får vanvitig mykje, fortel Aam.

Volda vidaregåande skule er prioritert med ei ny TPO-avdeling på sjuandeplass.

– Denne lista er bombesikker, og eg har også fått forsikringar frå fylkesrådmannen om at Ørsta-prosjektet er i boks, seier Aam.

Fylkeskommunen skal investere 300 millionar kroner i den nye skulen.

– Planen var at prosjektet skulle ut på tilbod etter ferien i 2019. Dette er framleis eit mål, men vi må altså vente på igangsetjingsvedtaket til oktober, seier Aam.

Oppgradering av kulturhuset

Den nye skulen skal byggjast saman med Ørsta kulturhus, og Ørsta kommunestyre skal torsdag (i dag) vedta ein investeringsplan der det er sett av 31 millionar kroner til oppgradering av kulturhuset.

– Detaljane er ikkje lagde enno, men det som det vert arbeidd med i forprosjektet er ei oppgradering av biblioteket, ei ombygging av kantine- og flatsalområdet, og eit nytt amfi med hundre sitjeplassar, fortel Aam.

I tillegg til ein ny vidaregåande skule og eit oppgradert kulturhus, er det også klart at den nye Søre Sunnmøre kompetanseklinikken for tannhelse vert lokalisert til dette bygningskomplekset.

– Kompetanseklinikken, saman med distriktstannklinikken for Ørsta og Volda, kjem truleg som ein fjerde etasje i den planlagde bygningsmassen. Her vil det kome høgteknologisk utstyr og spesialistar som skal arbeide med tannhelse, fortel Aam.

– Det er heilt klart at dette er ei av dei største sakene for Ørsta-samfunnet på mange år, seier Aam.