Ein bil har vore involvert i ei trafikkulykke i Eiksundtunnelen. Politiet melde om ulykka 12.22. To personar skal vere ute av bilen og tunnelen vert stengt.

Ulykka skal ha skjedd i tunnelen, cirka 500 meter frå opninga på Eiksund-sida. Politiet opplyser at trafikken står og at det ukjent kring personskade.

Ein person er køyrd til legevakt og ein person til sjukehuset i Volda. Politiet opplyser at dei ikkje kjenner til omfanget kring personskadene.

13.28: Bilen er no fjerna og tunnelen er opna att. Politiet opplyser at dei vil etterforske hendinga.