Sa Pauline Vinjevoll i møtet til trafikktryggingsnemnda tysdag.

På møtet vart trafikktryggingsnemnda informert om at kommunen går tilbake på det tidlegare skiltvedtaket om at Anders Hovden-gata skulle vere forkøyrsveg. Gata vert igjen ei gate der det vert vanlege vikepliktsreglar. Dessutan vert det innført 40 km/t fartsgrense både i Anders Hovden-gata og i Holmegata.

– Kaos

– Det kan verte det fullstendige kaoset i denne gata, frykta Astrid Bjørdal (Ap).

– Kommunen må formidle årsaka til at vi går tilbake til vanlege vikepliktsreglar på ein tydeleg måte. Det er at vi ynskjer å få ned farta, sa Bjørdal.

Medlemmene i trafikktryggingsnemnda er uroa over trafikkutviklinga i dette området. Det er i dette området det er flest skuleborn på vegen i kommunen, med elevar som soknar både til Velle skule, Ørsta ungdomsskule og Ørsta vidaregåande skule.

– Og snart opnar Ørstahallen, og det vil gje endå meir trafikk, frykta Bjørdal.

Det er meininga det skal kome to nye fartshumpar i Holmegata, men utvalsmedlemmene er skeptiske til utforminga. I alle fall slik utforminga er på humpane i Anders Hovden-gata.

– Dei har knapt nok fartsdempande effekt. Kva med å redusere fartsgrensa til 30 km/t i staden for 40 km/t?, undra Anne Sølvi Vatne.

– Det har vorte vurdert av vegvesenet, og har vorte frårådd, sa assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Ikkje tungtrafikk

Han påpeikte elles at det er viktig å få tungtrafikken vekk frå denne gata, og over på fylkesveg 655 frå rundkøyringa og forbi Nekken.

– Då denne vegen var stengd i vinter, vart det ei endring i trafikkmønsteret med at tungtrafikken kom over i denne gata. Det håper vi no har løyst seg, sa Øye.

Roger Vartdal (KrF) lanserte såkalla puter i staden for fartshumpar. Dette gjer at bilane må senke farta vesentleg.

– Fotoboksar har eg ikkje tru på, for det medfører berre at bilane bremser ned akkurat der boksane er, og så akselererer dei igjen, sa Vartdal.

Dei nye skilta i Anders Hovden-gata skal kome på plass i løpet av juni.