– Det var difor høgst relevant at Ørsta formannskap også skreiv dette i brevet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, eit brev Ørsta Høgre ikkje ville skrive under på, der vi argumenterte mot ei grensejustering for Bjørke-området, men for utvida samarbeid på Søre Sunnmøre, seier ordførar Stein Aam (Sp).

Saman med rådmann Wenche Solheim deltok Aam sist fredag på eit møte på Hareid i 7-stjerna, der utvikling av kommunesamarbeidet på Søre Sunnmøre, med eit forsterka interkommunalt samarbeid med kommuneblokker, stod sentralt.

Full semje

– Det er full semje i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre å jobbe for dette, slik at vår region skal stå sterkast mogleg rusta i kampen mot storregionane i Møre og Romsdal, seier Stein Aam.

Han viser m.a. til at Ålesund som storkommune får 65.000 innbyggjarar.

– I ein slik situasjon er vi nøydd til å jobbe fram kommunane på søre som eit sterkt kraftsenter, meiner ordføraren.

Stein Aam understrekar at tema på Hareid-møtet ikkje var knytt til diskusjonar om kommunesamanslåing eller samanslutning, men om vegval og moglege regionale posisjonar.

Ekspert på omstillingar og reformer knytt til styring og organisering av kommunar, Geir Vinsand, var hyra inn som foredragshaldar der eit sentralt spørsmål for han var om det går an å hauste nokre av fruktene ved samarbeid utan å fusjonere.

Ein av konklusjonane frå møtet er å arbeide for samhandling om tenester, ikkje berre funksjonar, mellom kommunane i 7-stjerna. Ein vil skilje mellom det strategiske og det utøvande når det gjeld tenestefunksjonen. Den strategiske dimensjonen skal ligge igjen i kommunane, men kommunane ønskjer å gå vidare på samarbeid når det gjeld funksjonar. Og det skal samhandlast om strategiske grep for 7-stjerna.

Dårlege på politisk samarbeid

På møtet var det semje om at kommunane i 7-stjerna er gode på administrativt samarbeid, men dårlege på politisk samarbeid og mobilisering.

Varaordførar Karen Høydal (Ap) er overtydd om at eit tettare og utvida samarbeid kommunane imellom på Søre Sunnmøre er heilt nødvendig, og at saka om grensejustering i Ørsta bør leggjast vekk.

– I eit blokksamarbeid ligg også Bjørke. Vi bør bruke ressursar på eit konstruktivt kommunesamarbeid i staden for å løyse opp ein geografisk del av kommunen vår, meiner Høydal.

Framover skal 7-stjerna jobbe vidare med ei rekkje punkt for samarbeid, og Ørsta-rådmannen skal skrive søknad til fylket om prosjektmidlar. Hornindal skal også inviterast inn i 7-stjerna.

Eit av punkta det skal jobbast vidare med er ein felles uttale som skal gi ein sterkare og betre kollektivtransport på Søre Sunnmøre, ikkje minst med tanke på elevane på dei vidaregåande skulane.

Felles brannvern

Andre punkt som kan verte vurdert er felles ikkjekommunale plankontor, nytt nærings- og innovasjonskontor, helsehus, pedagogisk ressurssenter og utviklingskontor, eit eller to NAV-kontor, senter for digital tenesteutvikling, felles økonomikontor, felles brannvesen og felles renovasjonsselskap.