Fylkeskommunen løyver inntil 900.000 kroner til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre til utvikling av Hjørundfjorden som reisemål.

– Ørsta-regionen og Hjørundfjorden har noko heilt unikt og skil seg ut frå mange andre reisemål med ei bevisst haldning til masseturisme, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

I prosjektet skal det mellom anna utviklast reiselivsprodukt som vandring, toppturar sommar og vinter, fjordopplevingar med lokalmat, matkultur og festivalar som tilleggsprodukt. Prosjektet skal også bidra til at samarbeidet mellom aktørane i Hjørundfjorden blir styrka. Ein samla merkevare og marknadsføringsstrategi skal også på plass.

I tillegg til midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune går Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Ørsta kommune og næringsaktørar inn med midlar. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2 580 000 kroner, heiter det frå Møre og Romsdal fylkeskommune.