Eit bygg i Sæbø sentrum skal gjerast om til to bustadeiningar. I samband med denne endringa er det planlagt to nye parkeringsplassar tilknytt eigedomen. Statens vegvesen har uttalt seg om saka ved to tidlegare høve. Vegvesenet poengterer at Ørsta kommune må fatte endeleg vedtak i saka grunna at den aktuelle eigedomen ligg i eit regulert område.

– Det kan berre aksepterast ei løysing som gjer det mogleg for bil å snu på eigen eigedom. Dette fordi rygging inn på fylkesvegen ikkje kan aksepterast. Utkøyrande bil må kunne stå med front normalt på fylkesvegen.

I tillegg meiner vegvesenet at bredde på avkøyrsla ikkje vere breiare enn fire meter.

– Resterande lengde av austleg eigedomsgrense må opparbeidast med kantstein for å korte ned på eksisterande brei front mot fylkesvegen.