Administrasjonen i Volda kommune rår til å legge ned Austefjord barnehage frå hausten av.

Saka skal opp i formannskapet 19. juni, og vidare til kommunestyret 21. juni.

I tenesteutval for oppvekst og kultur 13. juni, la Rebecca Riise Bjerknes (SP) fram ei alternativ tilråding til kommunestyret som utvalet slutta opp om: «Austefjord barnehage vert ikkje lagt ned, då ein dei siste to åra ser ein auke i barnefødslar i Austefjord krins. Kommunestyret ber administrasjonen greie ut moglegheitene for eit oppvekstsenter i Austefjorden, der ressursane i barnehage, skule og SFO samla kan gje borna som veks opp i Austefjorden eit fullverdig tilbod.»

Volda kommune og Ørsta kommune har gjennom mange år hatt avtale om at barn frå Bjørke skal kunne nytte barnehageplass i Austefjord. Komande barnehageår har foreldre frå Bjørke søkt om plass i Hornindal kommune.

– Administrasjonen vurderer det slik at ein ut frå ein fagleg ståstad ikkje kan forsvare vidare drift av ei pedagogisk verksemd med det tal på barn ein kjenner til i Austefjord barnehage komande år, og som er fordelt på fem årssteg, skriv administrasjonen i saka.

Administrasjonen estimerer ei innsparing på 520.000 ved å legge ned barnehagen.