Huset skulle flyttast frå Ose til Åmås, noko som mellom anna innebar at tre bruer måtte forserast, den eine smalare enn den andre.

Osbrua gjekk etter planen, medan det tok lengre tid enn venta å krysse brua over Rossåa.

Transportørane frå Bøstrand var mest spent på korleis det skulle gå over Høgebrua. Huset var over ein meter breiare enn brua på kvar side, så det gjaldt å heve lasta over rekkverket.

Så knapp margin var det at det vart lagt ut plankar for å kome naudsynte centimeter opp.

Det gjekk bra, og huset kunne halde fram ferda mot sin nye heim på Åmås. Resten av historia kjem seinare i Møre-Nytt.