Kvinna var tiltalt for å ikkje ha opplyst til NAV at ho i ti periodar av fleire vekers varigheit oppheldt seg i utlandet i meldekortperioden. Ifølgje tiltalen fekk kvinna urettmessig utbetalt til saman 789.833 kroner i arbeidsavklaringspengar frå NAV. Kvinna var og tiltalt for å ha gitt falsk forklaring til offentleg mynde.

Den tiltalte møtte i Søre Sunnmøre tingrett og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen. Aktor la ned påstand om at tiltalte vart dømd til fengsel i åtte månader, der fullbyrdinga av fire månader av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Forsvararen la ned påstand om at klienten vart frifunnen for bedrageriet og at ho elles måtte bli vurdert på mildaste måte.

Retten delte seg

Retten kom fram til at dei objektive vilkåra for straff for bedrageri var oppfylte, men i spørsmålet knytt til dei subjektive straffevilkåra delte retten seg i eit fleirtal og mindretal.

Fleirtalet, ved meddommarane, meinte at det låg føre rimeleg og fornuftig tvil om den tiltala hadde handla forsettleg, om ho forstod at ho ikkje hadde krav på arbeidsavklaringspengar medan ho var i utlandet. Fleirtalet har og lagt vekt på at tiltale hadde store personlege belastningar i perioden, og at tiltalte ikkje tenkte over eigne handlingar og heller ikkje sette seg inn i vilkåra for å få arbeidsavklaringspengar. Fleirtalet meinte at dei subjektive vilkåra for straff ikkje var oppfylte.

Mindretalet, ved fagdommar meinte, at var bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte både forstod at ho ved å ikkje gi opplysning til NAV om at ho var i utlandet fekk ein stønad ho ikkje hadde krav på, og at ho med det hadde til hensikt å skaffe seg sjølv ei urettkomen vinning. Mindretalet meinte at forklaring til tiltalte viste at det ho nødvendigvis ikkje forstod dei alvorlege følgjene ved unnlate å opplyse om fråvær, noko som i seg sjølv ikkje kan frita straff.

Oppfylte ikkje krav

I tiltalepunktet knytt til falsk forklaring delte også retten seg. Fleirtalet meinte at det ikkje sjåast vekk frå at tiltalte sine svar ved innsending av meldekort var ei misforståing. Difor meinte fleirtalet at kravet om forsett ikkje var oppfylt.

I Søre Sunnmøre tingrett vart kvinna frifunnen for begge tiltalepunkta.