Det var på førre møte at Marit Aklestad (SV) stilte spørsmål om kva tiltak kommunen vil gjere i høve nattebråk i sentrum på bakgrunn av oppslag i Møre-Nytt om dette. Aklestad og leiar Odd Magne Vinjevoll (Frp) fekk full semje om eit framlegg der det heiter at levekårsutvalet ønskjer at kommunen ved politisk leiing følgjer opp saka i dialog med lensmannen og dei råka.

– Levekårsutvalet ønskjer meir synleg politi i sentrum, og at politiet intensiverer handheving av lovverket i høve til Vegtrafikklova sin paragraf om ro og orden i tettbygd strok.