Det seier Ann Iren Glimsdal, initiativtakar til Sunnmøre yogafestival i Barstadvik denne helga. I tre dagar har det vore eit yrande folkeliv i den vesle bygda. Fleire hundre har vore med på sjølve yogaarrangementa, og i tillegg har bygdefolket medverka til å gjere oppslutnaden svært stor.

– At dette skulle verte ein folkefest hadde eg ikkje venta, seier ein glad arrangør.

Ann Iren Glimsdal og Ingrid Tømmerbakk er svært glade over oppslutnaden. Foto: Rune Sæbønes

Ingrid Tømmerbakk har hatt ansvaret for å koordinere dei frivillige under festivalen. Det vart ein ganske enkel jobb.

– Vi hadde førti frivillige på liste, og dei har stått på, og berre teke eit tak utan at vi har trengt å forklare kva som måtte gjerast. Og i tillegg har her kome folk til som ikkje har stått på noko liste. Dei har berre kome for å hjelpe til. Det er heilt utruleg, seier Tømmerbakk.

Folk har også stilt med varer på ymse standar.

– Eg trudde kanskje her ikkje var så mange som ville delta, og difor melde eg meg på til ein stand med bakverk. Men har det jo vorte så mange, men kjekt er det, seier Erna Tømmerbakk.

På standen hennar er også Sigbjørn Tømmerbakk. Han stilte ut og selde ymse trearbeid.

– Det er godt sal, og det er kjekt, seier Sigbjørn.

Sigbjørn Tømmerbakk og Erna Tømmerbakk med salsstand. Foto: Rune Sæbønes

Og det er akkurat slik Ann Iren ynskte det.

– Vi ville selje yogarelaterte ting, men dessutan vise fram lokalt handverk av forskjellig slag. Vi ville vise at det vert laga utruleg mykje godt og fine ting, reint handverk, fortel Glimsdal.

Over alt aula det med folk i Barstadvik. Skulen vart teken i bruk til yoga-timar. På Samhald var det matsal og utstillingar, og i fjøra var det også arrangement, både yogarelaterte og kulturelle hendingar.

– Vi har lagt vekt på at dette skulle vere eit alkoholfritt arrangement, nettopp for å få med folk i alle aldrar. Det har folk sett pris på, seier Glimsdal.

Det vart selt om lag fire hundre billettar til yogatimane.

– Det vil ikkje seie at fire hundre personar var med, for fleire kjøpte til fleire timar. Men fleire av timane var utselde, og det set vi pris på, fortel Glimsdal.

Eit av yoga-arrangementa som verkeleg tok av, var "yoga for stive karar". Laurdag ettermiddag var denne timen med Miranda Myrseth Tryggeset. fullteikna, og det var ikkje fritt at Myrseth Tryggeset var veldig spent på korleis dette ville gå.

Yoga for stive karar.... Foto: Rune Sæbønes

– Er det mange her som ikkje har prøvd yoga tidlegare? Spurde ho.

Mest alle rekte opp handa.

– Wow, vi skal få det til, sa instruktøren med ein noko spent undertone.

Ho fekk med seg Helge Ressem til å vise døme. Ressem har halde på med yoga i snart to år.

– Det byrja med at eg fekk ein skade i ein rumpemuskel, og fekk fortalt at dersom eg starta yoga, ville eg etter kvart få lækt skaden. Det har vist seg å vere veldig fin trening, og skaden er no mest heilt lækt, fortel Ressem.

Miranda Myrseth Tryggestad instruerer Helge Ressem. Foto: Rune Sæbønes

I klasserommet fekk Myrseth Tryggeset etter kvart stor respons frå dei mannlege deltakarane. Ho gjekk i gjennom solhelsingane, to av dei, som var oppvarming. For dei av mannfolka som trudde at yoga var berre avslapping, vart det nok ei lite sjokk, For sveitten rann frå fleire.

– Det er litt gymnastikk også, dette, forklarte Myrseth Tryggeset.

Ho fekk mannfolka med seg på fleire øvingar, og etter fullført time var fleire fint ferdig. Men dei hadde lært seg pusteteknikkar, og også å kunne slappe av undervegs i den nokså harde økta.

– Eg er imponert. De har vore veldig flinke, helsa Myrseth Tryggeset til slutt.

Og med ein slik respons, også frå skeptiske menn, er det alt som tyder på at yogafestivalen har kome for å verte.