I fjor bestemte Andreas Skylstad seg for å sette ein ny personleg rekord. Han gjekk opp og ned på Slogen tre gongar på ein dag. Skylstad, som likar godt motbakkane, tykkjer det er kjekt å konkurrere med seg sjølv og sette nye mål. Difor ville han prøve å slå rekorden frå i fjor. I det varme junivêret starta turen mot toppen av Slogen førre laurdag. 30-åringen går Slogen-ruta med start på Øye. Elleve timar og førti minutt seinare kom han ned att frå toppen for fjerde gong. Sjølv meiner han at tida ikkje var spesielt god.

– Eg gjorde det mest for moro skuld og for å auke talet på turar frå i fjor. Eg vil alltid prøve å forbetre meg, seier motbakkespesialisten frå Skylstad.

For dei aller fleste vil ein tur opp og ned på Slogen vere meir enn nok i løpet av ein dag.

– Det var ein relativt grei tur, og eg stoppa ein del for å snakke med folk. Målet eg hadde på førehand var å gjennomføre, og den temperaturen som var ville det vert optimistisk å tenkje på noko rekordtid.

– Korleis har du det i kroppen når du kjem ned att etter nesten tolv timar på tur?

– Det er mest ei lette og ei herleg kjensle av å ha fullført det du bestemte deg for å prøve på. Sjølvsagt vart det rett på sofaen for å hive innpå med næring og veske. Eg var stiv og støl og heile søndagen vart brukt til restitusjon. På måndag byrja eg å bevege på meg att og det er viktig å kome i bevegelse igjen, seier Skylstad.

30-åringen skal delta i fleire motbakkekonkurransar utover sommaren og hausten. Han har allereie teke ein 2.-plass i eit sterkt konkurransefelt i Blåfelden rett opp og han vann konkurransen under Moltustranda Mosjonsfestival.

– Eg kjem til å satse på dei konkurransane som eg har vore med i før, og eg vil satse meir på Skåla Opp. Eg vil prøve å få ei god tid der og sjå om eg klarer å prikke inn toppforma. Det har eg ikkje vore så nøye på tidlegare.

Sjølv om rekorden på Slogen no er slått ser ikkje Skylstad vekk frå at han vil gjere eit forsøk på å slå den nye rekorden i løpet av året.

– Det kan godt hende, men det kjem litt an korleis det klaffar med konkurransar og slikt. Turen laurdag passa godt inn, men no kjem konkurransane på rekke og rad. Likevel kan det godt hende at eg gjer eit forsøk på å klare fem turar.