– Det er veldig kjekt. Vi har vunne 10.000 kroner, og no må vi finne ut kva pengane skal brukast til. Kanskje ein tur til badeland, fortel dei glade elevane.

Då dei bestemte seg for å vere med i tevlinga, hadde dei kort tid på seg. På under ei veke laga dei ein eigen song og ein video, og som var sterkt medverkande til at dei vann premien for beste annonse. I tillegg plukka dei store mengder plast.

– Dei siste to vekene har 5.000 femteklassingar vore med på ein landsdekkande strandryddeaksjon for å gjere noko for havet og dei som bur der. Fleire tusen posar fylt med havplast har vorte samla inn og levert til gjenvinning, oppsummerer Miljøagentane.

I mai vart landet sine femteklassingar utfordra til å delta i Oppdrag Havplast. Målet med skoleaksjonen er å rydde kysten for mest mogleg plast, og samtidig bidra til ei større bevisstgjering rundt marin forsøpling i skole og lokalsamfunn. For kvar pose med havplast klassa leverte til gjenvinning fekk dei 100 kroner tilbake til klassekassa. Oppdrag Havplast vart arrangert av Miljøagentane, i samarbeid med FINN.no.

Vanvitig engasjement

Alle klasser som deltok på Oppdrag Havplast fekk spesiallagde ryddesekker, som skulle verte fylt med havplast, levert til gjenvinning og dokumentert i ein FINN-annonse. Resultatet viser et utruleg engasjement blant barna, som forhåpentlegvis kan inspirere andre til å gjere ein innsats for havet.

– Engasjementet blant landets femteklassingar har vore enormt! Vi har klasser som har reist fleire mil for å rydde strender, som har brukt både fritid og skoletid, vore i møte med kommunestyret og laget fantastisk søppelkunst. Dei har skrive dikt om livet i havet, de har laget filmar og songar og til og med arrangert moteshow med havplastklede for å spreie miljøbodskapen. Vi håper at femteklassingane sine innsats kan ha ein smitteeffekt i lokalsamfunnet, og at fleire gjør ein innsats for havet og sluttar å kaste søppel i naturen, seier prosjektleiar Carl Fredrik Pedersen i Miljøagentane.

Kvar sekk med havplast gav 100 kroner til klassekassa. I tillegg har Miljøagentane delt ut tre spesialprisar, der vinnarane får 10 000 kroner ekstra til klassen sin.

– Plast i havet er et tema som verkeleg engasjerer både elevar og lærarar, og vi veit at det er mange barn som arrangerer lokale strandryddeaksjonar. Derfor ønsker vi å gi ein premie til alle klassene som er ute og gjør ein ekstra miljøinnsats for havet, seier dagleg leder Are Shaw Waage i Miljøagentane.

Grunngjevinga

Velle skule vann for beste annonse, og om vinnarane seier juryen:

"Klassa har spunne ein historie om den skumle kaptein Havplast som spreier søppel langs norskekysten. Dei har fylt 40 sekker med havplast, tatt mange fine bilete, bygd ein søppelversjon av kapteinen og laga ein kjempefin song om klassa sin kamp mot Havplast til melodi av Kaptein Sabeltann.