«I hjertet av Sunnmøre brer seg den vidunderlige alpeverden av høye, steile, takkete fjell, som utgjør Sunnmøres største severdighet og frembyr det mest slående bilde av dets eiendommelige og storslåtte natur. Og midt i dette kaos av egger og topper, der skjærer Hjørundfjorden seg inn mot sør som en mektig kile.»

– Kristoffer Randers (1890)

Han kunne få sagt det, Kristoffer Randers. Dansken som forelska seg i Sunnmøre, og spesielt Hjørundfjorden. William Slingsby og Charles Patchell gjorde det same. «Noregs vakraste fjell», meinte Slingsby om Slogen. «Utsikta saknar sidestykke på norsk jord- ja, kan hende også i andre land», skreiv Slingsby.

Dette Tindelandet er ørstingane stolte av. Og noko slikt finst ikkje i Volda. Voldingane kan berre skilte med ein einaste tind. Og den (Trollvasstinden) ligg vekkgøymd i Dalsfjorden. Elles i Volda har isen slipt ned toppane. Resultatet er at fjella er preglause haugar, ikkje flotte tindar Den høgste haugen er på 1482 meter, og vert kalla Kyrkjefjellet.

Men kva skjer om kommunalministeren strør sand på Fylkesmannen si innstilling om grensejustering for Bjørke og Viddal?

Biletet over er tatt frå Sandegga, eit grensefjell mellom Ørsta og Volda. Det viser kva Ørsta risikerer å miste gjennom grensejusteringa, i tillegg til om lag 100 vaksne innbyggjarar og nokre Tussa-millionar.

Vi ser ned i Sledalen som heng saman med Bakkedalen, som vi og ser. Begge dalane byr på fine sommarbeite og grøne dalar.

På andre sida av Skjåstaddalen er det smått med fine sommarbeite. Her er det mest stein og villmark. Og så er det vatn sjølvsagt. Det verdifulle vatnet, både i rennande form, og nedfrose. For her ligg mellom anna Blåbreen, Ørsta sin største bre, enn så lenge.

Frå høgre på biletet ligg heller anonyme saker som Kviven (1027 moh.), og Gjura (1295), som er grensefjell mellom Hornindal, Ørsta og Volda. Begge deler typiske Volda-fjell utsjånadsmessig.

Lenger nordover reiser høgare fjell seg, men framleis runde på toppen.

Frå Raudstad går den bratte stien opp i Lauvadalen med vidare passasje oppover til mektige Storehornet, midt på biletet.

Også det ein haug. Men ein høg haug, som tilhøyrer Ørsta.

Høgda er 1600 på nokre kart, 1599 på andre. Naboen Bjørkehornet (1530) er ei kvassare sak. Skal du gå her vinterstid trengs isøks og kanskje stegjern, står det i skiboka til Helge Standal og co.

Rett ved står Rokkekjerringa (1543), som ligg i eit storslege brelandskap. PÅ biletet er den skjult av ein namnlaus haug, som i skiboka berre er omtala som 1570-høgda. Namnet Rokkekjerringa tyder vel på at det er kjerringa til Hornindalsrokken (1526), ein markert grensetopp på andre sida av Tyssevatnet. Dette vatnet er hovudmagasinet for noko av stridens kjerne: Kraftverket til Tussa.

Her vert vatn leia frå fleire sidedalar. Mykje av vatnet kjem frå Hornindal. Slik sett vert det vel ei slags rettferd i det til slutt, dersom Nye-Volda får kontrollen.

På skulen lærte vi at Kvitegga var det høgste fjellet i Ørsta. Rett nok er det eit grensefjell, med Ørsta på vestsida og Stranda på austsida. Men toppen ligg akkurat på Ørstasida, så det var ikkje vranglære dei dreiv med på gamle Velle skule den gongen.

No må kanskje lærebøkene skrivast om. For Kvitegga kan bli Volda-fjell. Det er rett nok ein haug dette også, men likevel: Kva gjer det med stoltheita til ørstingane at Volda får høgare fjell enn Ørsta?

Blæja (ein haug) med oppgang frå Norangsdalen står og for fall sett med Ørsta-auge. Dette er ein av dei mest populære og lettast tilgjengelege vintertoppane i område, og eit grensefjell til Stranda.

Kårdalstindane, (1470 og 1490) og Kalveskrednipa (1488) er 100 prosent Ørsta i dag, og kanskje Volda i morgon.

Vi nærmar oss Viddal no, og eit nytt storslege område, med haugen Risenosa (1573), og Staven (1517), som ligg på kanten av Norangsdalen.

I dette området må det grensedraging til. Eit spennande spørsmål er kvar Jakta (1588) hamnar. Jakta (til ventre på biletet) er lett attkjenneleg frå lange vegar, og eit av varemerka for Hjørundfjorden. Skal dette bli eit Volda-fjell? Og kva med det ikoniske Stålberghornet, som truleg er eit av dei mest fotograferte fjellet i Noreg. Skal også det også melde overgang til Volda? Nei, der går vel grensa?

Slogen får dei i alle fall ikkje røyve. Eller nokre andre av det verkelege tindane. Det var her Randers, Slingsby og Patchell boltra seg.

Det er dette som er dei ekte sunnmørsalpane. Det er trøysta for ørstingane. Ørsta blir framleis Tindelandet. Volda blir framleis Hauglandet.