Åtte av dei nitten kommunale tomtene er no selde i eit feltet der den dyraste tomta kostar nær 1,6 millionar kroner. Tomta er på 1.143 m², og er den største i feltet.

Tomteprisen dekkjer kjøp av tomt, opparbeiding av fellesanlegg som vegar i bustadfeltet, leikeplassar, friområde, vatn- og avlaupsleidningar ført fram til nær tomtegrense.

Det som ikkje er med er kostnader med matrikkelbrev for tomt, tinglysingskostnader for skøyte, administrasjonsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avlaup.

Tingretten

Bakgrunnen for dei høge tomteprisane er at tingretten fastsette prisen for areal i feltet til 690 kroner kvadratmeteren. Etter utrekningar kom kommunen fram til prisen måtte vere 905 kroner per kvadratmeteren for netto tomt for einebustader, og 1.200 kroner per kvm for konsentrert busetnad.

I tillegg kjem altså prisen på tekniske anlegg. Prisen på ei einebustadtomt på tusen kvm vert då 1,409 millionar kroner, og ei tomt på 700 kvm vert 1,045 kroner.

Dei rimelegaste tomtene i det nye bustadfeltet kjem på 996.000 kroner. Resten av tomtene kostar over millionen, og over 1,5 millionar for tre av tomtene. Likevel har altså åtte kjøparar til no sikra seg bustadtomt i feltet som er eit hasteprosjekt for å stette behovet for sentrumsnære bustadtomter.

– Kjøparane er både unge familiar busett i Ørsta, men også folk utanfrå kommunen, fortel rådgjevar Arnstein Nupen i Ørsta kommune.

Han fortel at kjøparane er folk, familiar, i trettiåra som har behov for større bustader enn dei har i dag.

Feltet er no under opparbeiding av Volda Maskin. I september kan tomtekjøparane starte husbygginga.

Det var i april det var tildeling av tomter i nyefeltet som ligg sør for felta Øvre Mo 1 og øvre Mo 2. Planen er i hovudsak utarbeidd av Ørsta kommune, men også i samarbeid med Din Bolig AS for deler av området fordi Din Bolig skal byggje ut delar av området for konsentrerte småhus.

– Resten av området for konsentrert utbygging vert lyst ut i løpet av året, fortel Arnstein Nupen.

Kommunen opererer ikkje med nokon søknadsfrist for resten av dei kommunale tomtene, men held seg til «første mann til mølla»-prinsippet i fordelinga av dei resterande tomtene.

I planen er det lagt opp til 27 einebustadtomter (seks er bebygde) og tre område for konsentrert utbygging, med om lag 30–35 bueiningar. I tillegg er det planlagt eit vegsystem som gir god dekning for dei nye byggjeområda og dei eksisterande bustadane. Det er sett av godt med areal til leik for å sikre born og unge sine behov, og for å gjere området meir attraktivt å busetje seg i.

Nøgd: Rådgjevar i kommunen, Arnstein Nupen, er nøgd med tomtesalet. Foto: Marius Myklebust