Det er klart etter at kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har vedteke kva prosjekt som skal få spelemidlar i 2018.

Det er fleire prosjekt i Ørsta kommune som får støtte. Vartdal skyttarlag får 143.000 kroner til riflebane på anlegget sitt. Vidare får Ørsta kommune 300.000 kroner til klatrejungel ved Vikemarka skule frå potten for nærmiljøanlegg.

I Volda Vestsida idrettslag 323.000 kroner til eit garasjeanlegg for trakkemaskinen, og Folkestad IL får 618.000 kroner til eit kunstgrasanlegg. VTI allianseidrettslag får ein million kroner til klubbhus. VTI allianseidrettslag får også 300.000 kroner frå potten til nærmiljøanlegg til utvikling av stadionparken.

– Av dei 81,4 millionane, går 71,3 millionar kroner til ordinære anlegg og 10,1 millionar kroner til nærmiljøanlegg, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

118 søkarar får tilskot

Møre og Romsdal har den 7. høgste tilskotsramma i landet, og fekk i alt 288 spelemiddelsøknadar.

Av desse vart 233 godkjent, og onsdag vedtok kultur- og folkehelseutvalet å gi støtte til 118 av søknadane. Vedtaket er basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane og fylkesanleggsrådet.

Over 12 prosent går til 43 søknadar på nærmiljøanlegg, som er meint å vere allment tilgjengelege og for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Av dei 75 søknadane på ordinære anlegg er 67 nye og 8 anlegg som har finansiering over fleire år. Ordinære idrettsanlegg er i hovudsak knytt til konkurranse- og treningsaktivitet for idrettsorganisasjonane.

Blant anlegga som er prioritert er det eit stort mangfald. Nokre av dei som har fått støtte er Ørsta fleirbrukshall, Spjelkavik idrettspark (Vikabakkane), snøproduksjonsanlegg i Surnadal alpinsenter og skytebane i Kristiansund.

– Talet på søknader viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet framleis er langt større enn det vi har midlar til. Sjølv om vi er nøgd med auken i årets tildeling av spelemidlar, ønsker vi oss alltid fleire godkjente søknadar, då dette påverkar den samla tildelinga til Møre og Romsdal, seier Wedlog Olsen i ei pressemelding.