Det seier Marianne Helseth som driv og eig Fasaden frisør, parfymeri & undertøy i Ørsta Torg. I juni i 1983 starta ho eigen frisørsalong. Fire år seinare vart det starta opp parfymeri og i 2013 kom undertøysavdelinga på plass.

– Det har vore ei fantastisk reise så langt og det er kjempekjekt. Det er mykje hard jobbing som ligg bak og det blir ein livsstil, men eg håper at eg får jobbe så lenge som eg vil. Vi har alltid satsa på god kvalitet og gode varer. Det skal vere noko skikkeleg og det er folk glade for.

Helseth var den første frisøren som tok fagbrev i Ørsta og då ho starta eigen salong i 1983 var ho åleine. Gjennom 35 år har mange lærlingar vore innom Fasaden og teke fagbrevet sitt der. I dag er det seks tilsette i verksemda, dei fire frisørane har alle fagbrev.

– Det er veldig kjekt å få det til. At her er seks kvinneleg arbeidsplassar tykkjer eg er stas. Den yngste av dei tilsette er 23 år og den eldste 66 år. Det er eit godt spenn og vi har det veldig kjekt saman. Vi er ein typisk damebutikk, men vi klipper mange herrar og sel også parfyme til dei.

I dei første tolv åra heldt Fasaden til i det gamle Aambø-huset, og i 1995 flytta dei inn i dagens lokale i Ørsta Torg. Helseth er trygg på at Fasaden har mange gode år føre seg i Ørsta.

– Vi skal drive i mange år vidare og så lenge kundane vil ha oss. Konkurransen er sterk i vår bransje, men vi satsar vidare og har nye planar på gong.

Parfymeri-delen av Fasaden er ein del av ein kjede og frå 1. juli får kjeda namnet SkinTonic.

– Det er godt å ha i ryggen og det gjer at vi får gode merker inn i butikken. Vi ser og at det er eit potensial for å vekse meir på undertøy og badetøy. Vi vonar nærleiken og moglegheita til å prøve, i tillegg til kompetansen i butikken, gjev oss eit fortrinn.

Gjennom 35 år med butikkdrift har det vore både opp- og nedturar, men Helseth meiner at du må satse for å lukkast.

– Vi må vere offensive i møtet med framtida, og vi kan ikkje gøyme oss vekk. Pila har peika rette vegen heile tida.

Laurdag vert 35-årsjubileet feira med kaker, kaffi og tilbod i butikken.

– Vi slår til og gir kundane ein knall dag. Vi får høyre at vi har hatt kundar som omtrent har vore med oss frå dag ein. Det er veldig kjekt å høyre og vi sett pris på tilbakemeldingane.

Frisør: Helseth var åleine då ho starta frisørsalong i 1983. I dag er seks tilsette i Fasaden. Foto: Joachim Åsebø