– Elva er altfor lita. Vi har «augustelv» i juni, og det er sjeldan, seier Sindre Moe i Ørsta elveeigarlag.

Han håper regnet som er meldt torsdag kjem, og i rikelege mengder.

– Det vil gjere sitt til at fleire fiskar går opp i elva, seier Moe.

Han har sett noko fisk som har gått opp i elva, men ikkje mykje.

– Vi har sett eit par-tre stimar ved osen, men det er uråd å seie kor mykje fisk her er fordi elva er så lita at dei fleste ventar med å gå opp, seier Moe.

Lakseentusiasten Dag Kristiansen meiner elveeigarlaget bør ha ein plan B viss ikkje regnet kjem.

– Den fisken som har gått opp til no, er stamfisken for seinare år. Desse må ikkje fiskast opp. Det må vurderast tiltak viss ikkje elva vert større, seier Kristiansen.

– Dette må vi berre sjå an. Det skal mykje til om vi stengjer elva, seier Moe.