På Bjørke vert det meldt om avføring i fjøra.

– Turismen og besøka til bygda aukar jamt og trutt. Dei siste åra har bygda opplevd eit oppsving i nysatsing og etablering av ulike bedrifter retta mot turisme, kultur og opplevingar. Masterplan Hjørundfjord gjer at besøkstala i år er venta å stige ytterlegare. Samstundes kjem vi litt i «bakevja». Mangel på offentlege toalett og avfallshandtering er eit problem. Søppel langs vegane og synleg avføring rundt nausttomtene er dagens situasjon. Folk i grendene har i fleire år vore fortvilt over situasjonen, heiter det i eit skriv frå Maria Nikkinen Rørstad.

Her vert det søkt om støtte til tre toalett/rasteplassar på Viddal, Leira og Bjørke. Kostnaden for komunen vert i overkant av 400.000 kroner i året.

Også Sæbø grendelag har søkt om støtte til drift av sanitæranlegget dei har fått opp på Kapteinskvia. Dei opplever ein stor bruk av toaletta, både frå gjester på badeplassen, frå gjester på sjølve Kapteinskvia, og frå folk som har vore på tur i Gunnarråsa eller på Dalegubben. For å halde toaletta reine, vert det på dagar med stor trafikk vaska fleire gonger om dagen.

Andre stader i kommunen er det offentlege toalett ved badeplassane, og det er offentleg toalett ved den nyen pumpestasjonen på Vikeøyrane. Toaletta på fleire av badeplassane vert finanisert ved at dei har kome med i ordninga med statleg sikra friluftsområde. Då følgjer det tilskot med.

– Vi må prøve å få til same ordning med Sæbø og Bjørke som ved dei andre badeplassane, at dei vert med i ordninga med statleg sikra friluftsområde, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp) då formannskapet tysdag handsama dei to søknadene.

I formannskapet vart det vedteke å gje Sæbø grendelag eit årleg tilskot på 30.000 kroner til å halde sanitæranlegget reint og ved like.

Avslag

Søknaden frå Bjørke vart avlått.

– Eg er ikkje i mot, men kommunen har ikkje råd til ei så stor utgift. Dette vert for dyrt, sa assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Ja, det vert for dyrt, sa ordførar Stein Aam (Sp), og støtta tilrådinga.

Medan formannskapet var samrøystes om å støtte tilskot til Sæbø grendelag, ut i frå eit likskapsprinsipp med dei andre badeplassane i kommunen, vart det samrøystes avslag for Bjørke.

– Men vi må finne ein måte å få til ei løysing på dette, sa Karen Høydal (Ap).

Rådmannen er i alle fall klar over problemstyillinga, for å i saksutgreiinga vert aukande turisme drøfta.

– Aukande reiseliv og aukande satsing på turisme som næring krev ein målmedviten politikk også når det gjeld tilrettelegging av fasilitetar for dei besøkande. Dette er samanliknbart med satsinga på friluftsliv og badeplassar for fastbuande og besøkande. Det krev at det mellom anna vert etablert toalett i tilknyting til desse anlegga, heiter det frå rådmannen.

Og vidare:

– Kommunen driftar fleire slike badeanlegg som eit ledd i å betre kvaliteten på tilboda og å forhindre uhygieniske tilhøve ved badeplassane våre. Det vil vere naturleg å etablere slike tilbod også ved reiselivsdestinasjonar, som til dømes grender utan andre tilbod og utgangspunkt for populære fot- og fjellturar. Eit sentralt spørsmål vil då vere om det skal vere ei fordeling av kostnader mellom dei som tener på reiselivsmarknaden, brukarane og kommunen. Sjølve service- og kostnadsnivået ein skal legge seg på vil også måtte verte eit tema, kommenterer rådmannen.