To leilegheiter i Holtegården i Storgata i Volda vart tvangsselde av eit dødsbu, fordi den avdøde eigaren var for sein med å betale inn felleskostnader. Taksten på den eine leilegheita var 2,5 millionar kroner, og den andre 2,4 millionar. Den eine vart seld til kvinne som er gift med styreleiaren i sameiget for Holtegården, Otto Holte, for 625.000.

Den andre vart seld til ein nær familiemedlem til Otto Holte for 580.000. Altså 1,205 millionar for to leilegheiter som var takserte til 4,9 millionar. Frå før eig Otto Holte heilt eller delvis ni av dei 13 seksjonane i Holtegården, går det fram av ein dom i Tingretten.

– Det er opprørande at Holte-familien sikrar seg leilegheitene for ein slikk og ingenting, seier Anne Laupstad, som er arving til leilegheitene.

Sal: Eit av bileta frå salsprospektet.

Misleghald

Den avdøde eigaren av leilegheitene prøvde å stanse tvangssalet men fekk ikkje medhald i retten fordi han hadde misleghalde innbetalinga av fellskostnader. Han døydde i haust, og leilegheitene vart overtatt av dødsbuet. Anne Laupstad skulle arve dei to leilegheitene, men sidan dei har gått inn i eit dødsbu som truleg går i minus reknar ho ikkje med å få noko av arven. Laupstad er kritisk til måten tvangssalet har blitt gjennomført på.

– Salsprospektet er eit bestillingsverk for å skremme vekk andre kjøparar, hevdar ho.

Det har vore strid i sameiget. Styreleiar Holte står på den eine sida. På den andre stod den avdøde eigaren av to seksjonar, og eigaren av ein annan seksjon. Striden handlar mellom anna om det følgjer garasjeplassar med leilegheitene.

– Felleskostnader dobla

I salsprospektet for dei leilegheitene som er selde på tvangssal står det: «Sameiget krev 300.000 kroner for parkering, noko som vert avvist av eigar» Det står også at det er fellesutgifter på 3780 kroner i månaden for kvar av leilegheitene, og at det er «oppussingsbehov for fellesareal». Anne Laupstad meiner opplysningane har vore med på å skremme vekk kjøparar.

– Kravet på 300.000 kroner for garasjeplass er ei side av dette. Dessutan vart fellskostnadane dobla rett før salet. Og salet er utført av ein advokat som ikkje har presentert leilegheitene på ein fordelaktig måte, slik ein profesjonell eigedomsmeklar ville gjort, seier Laupstad.

Laupstad anka avgjerda om tvangssal. Men saka vart avvist i retten fordi ho juridisk sett ikkje er såkalla ankemotpart, ettersom leilegheitene ligg i eit dødsbu.

– Eg er skuffa over rettssystemet, og retten sin medhjelpar, som tilrådde at skambodet vart akseptert, seier ho.

Ei melding av om at aksepteringsfristen for boda gjekk ut ,vart sendt ut 21. desember, og kreditorane fekk frist til 4. januar med å kome med innvendingar.

–Dette er midt i rettsferien og i seg sjølv merkeleg, seier Anne Laupstad.

sal: Eit anna bilete frå salprospektet.

–Kvifor baud du ikkje på leilegheitene sjølv?

–Problemet var at eg ikkje fekk vite at salet vart avgjort, før det var for seint. Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at tingretten ville godta eit slikt skambod. Hadde eg visst det hadde eg gjort noko. Eg meiner salet burde vore utsett. Saman med ein annan seksjonseigar jobba vi for å få til eit ekstraordinær sameigarmøte for å avklare dette med garasjeplass og andre kostnader, men våre førespurnader vart ignorerte.