– Det er ei kjempeutfordring, sa Per Rune Eknes til Ørsta formannskap tysdag. Eknes har vore president for Norges Svømmeforbund, og jobbar m.a. i dag med å hjelpe kommunar til å finne gode løysingar for basseng.

– Vi må få momskompensasjonen tilbake. Byggjer du basseng med silebane og moro, får du kompensasjon. Byggjer du billegare – for alle – må du betale. Dette er også ulikt mellom dei ulike skatteområda. Skatt Midt praktiserer dette. Det knekk ryggen på dei kommunane som vil byggje basseng. Paradokset er at kulturdepartementet gir fleire millionar i støtte gjennom spelemidlane, og så kjem skattemyndigheitene i andre enden og hentar pengane tilbake.

For å oppnå momskompensasjon frå staten, er føresetnaden at det ikkje skjer økonomisk aktivitet som kan vere i konkurranse med verksemder som ikkje får slik kompensasjon. Problemstillinga er også aktuell i Ørsta med den nye fleirbrukshallen.

– Dette må de gi klare signal om til styresmaktene, oppmoda Eknes.